Frå venstre: Maren T. Hustoft, Sigurd Gjerdevik, Annelin Bauge, Tina Kvaløy, Åshild Håvås, Trine Sørensen, Ruth Økland og Kitty Soltvedt
Nils Erik Eide
Hugs fristen!
Siste frist for å svare på undersøkinga er søndag 27. april.
God respons på undersøking
Denne gruppa arbeidar med ny helse- og omsorgsplan for kommunen, og no treng dei di hjelp!
Alle vindafjordingar over 16 år mottok 10. april ein SMS med lenke til ei undersøking. Responsen har vore stor, og allereie første kvelden fekk me inn over 1000 svar. Det er fantastisk❤️
No ber me om at enda fleire sender inn sine tankar, og om at dette blir eit tema i ulike grupper du er ein del av! Me vil gjerne ha enda fleire svar så hjelp oss gjerne med å be vener, familie, foreningen din og bygda di om å svara.
Me ønskjer tilbakemeldingar om kva som trengst i Vindafjord – det kan handla om transport, bustadar, aktivitetstilbod eller korleis me best legg til rette for ein god alderdom.
Undersøkinga kan ta berre 5 minutt – perfekt å ta med ein kopp kaffi! Dine innspel er viktige for å skapa eit betre tilbod for alle i kommunen.
Takk for at du bryr deg og bidreg!
Har du ikkje mottatt SMS?
Er du folkeregistrert i Vindafjord, er over 16 år, og har ikkje fått undersøkelsen per sms?
Ta kontakt med Ruth Økland på e-post: Ruth.Okland@vindafjord.kommune.no