Elin skal leia ny avspenningsgruppe - med fokus på stressmeistring

Kjenner du at kvardagen ofte går på høggir – og ønskjer verktøy for meir ro, balanse og overskot? Våren 2026 startar Frisklivssentralen i Vindafjord opp ei ny avspenningsgruppe med fokus på stressmeistring og kroppsmedvit.

Gruppa blir leia av fysioterapeut Elin Hundseid, som har jobba i fysio- og ergoterapitenesta i Vindafjord kommune i snart ni år. 

Ho bur i Vikedal, og kombinerer jobben som kommunefysioterapeut med livet som småbarnsmor og mjølkebonde på ein gamal slektsgard.

– Eg synest det er fantastisk kjekt å jobba som fysioterapeut i kommunen. Arbeidsoppgåvene er varierte, og eg likar godt å jobba ressursretta saman med folk. Eg har òg utruleg kjekke kollegaer og gode samarbeidspartnarar, seier Hundseid.

Kvifor avspenning?

Bakgrunnen for det nye gruppetilbodet er eit aukande behov for verkemiddel mot stressrelaterte plager. Mange opplever i dag muskel- og skjelettplager, smerter i rygg og nakke, søvnvanskar og psykiske belastningar – ofte tett knytt til stress.

– Stress gjer noko med oss, både fysisk og mentalt. Kroppen kan bli ståande i ein konstant beredskapstilstand. Avspenning handlar om å roa ned nervesystemet og gi kroppen sjanse til å henta seg inn igjen, forklarar Hundseid.

Ho har vidareutdanning i basal kroppskjennskap, og har sterk tru på korleis avspenning og medviten pust kan påverka samspel mellom kropp og sinn.

Lågterskel og helsefremjande

Avspenningsgruppa er eit lågterskeltilbod og ikkje behandling. Ein treng ikkje vera sjuk for å delta.

– Dette handlar om å få erfaring med noko ein kan gjera sjølv. Mange kroppar går for tida på høgt gir, og me ønskjer å visa enkle måtar ein kan skru litt ned tempoet på i kvardagen, seier Hundseid.

Gruppa går over fire gonger i ein prøveperiode. Innhaldet er hovudsakleg praktisk, med litt teori.

Deltakarane får prøva enkle øvingar i sittande, liggande og ståande stillingar – med fokus på pust, merksemd, balanse og avspenning.

– Det handlar ikkje om å prestera, men om å vera. Ofte skal det veldig lite til før ein merkar endring. Eit djupt sukk kan faktisk gjera mykje med nervesystemet.

Små grep – stor skilnad

Hundseid er sjølv opptatt av å bruka det ho lærer bort i eigen kvardag.

– Eg lever eit travelt liv, men prøver å ta små mikropauser i løpet av dagen. Det gjer ein stor forskjell å stoppa opp, pusta litt og vera meir til stades i kroppen.

Ho håpar deltakarane kan få med seg enkle og nyttige verktøy som fungerer i kvardagen – særleg for dei som slit med å finna ro.

– Me er ofte mykje oppe i hovudet og kjenner lite etter i kroppen. Her ønskjer me å retta merksemda mot det som faktisk fungerer, og leita etter ressursane i eigen kropp.

Praktisk informasjon

Tidspunkt:
Tysdag 19. mai
Tysdag 26. mai
Tysdag 2. juni
Tysdag 9. juni

Klokka: 15.00–16.15

Leiar: Fysioterapeut Elin Hundseid

For påmelding eller meir informasjon, send e-post til
frisklivssentral@vindafjord.kommune.no