Elevar fekk undervisning om velferdsteknologi

Elevar på Helse og oppvekst ved Ølen vidaregåande skule, fekk 17. februar undervisning av avdelingsleiar i heimetenesta, Synnøve E. Steinsland og rådgjevar helse- og omsorg, Ruth Økland.

Bilde av Synnøve Steinsland og Ruth Økland - Klikk for stort bilete

Elevane fekk informasjon om kva velferdsteknologi er, innblikk i lovverket og i kva ulik teknologi som finst. Det vart gjennomgått kva teknologi Vindafjord kommune brukar, og reflektert rundt kvifor teknologi er viktig.

Elevane fekk sjå korleis nokon av hjelpemidla fungerer. Dei fekk informasjon om korleis kommunen nyttar denne teknologien i praksis, samt eksempel og historiar frå kvardagen i heimetenesta.

Det var ein stor og kjekk elevflokk og engasjerte lærarar.

Bilde av elevar i klassen - Klikk for stort bilete