Ei trygg og god jul for alle barn

Barn merkar at vaksne har drukke alkohol, tidlegare enn du trur. Hugs at barn likar best vaksne som er trygge og føreseielege, også under julefeiringa.

Bildeav mor og barn ved bordet - Klikk for stort bilete Av-og-til

Så er denne magiske tida her igjen, med minner som barna vil ha med seg resten av livet.

– Me vaksne brukar mykje tid og krefter på at jula skal bli like magisk som barna drøymer om. Det som er viktig å hugse på, er at det barn ønskjer seg aller mest, er trygge og gode vaksne som oppfører seg akkurat slik dei pleier, seier Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til.

Ho peikar på at det ofte kan vere vanskeleg for vaksne å oppdaga når det går frå å vera triveleg til å bli ubehageleg for barna. Det vaksne kan oppleva som positive endringar, som at ein ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjera barn usikre og utrygge.

– For mange er alkohol ein viktig del av julekosen, og det er heilt greitt. Men me må hugsa at det er vårt ansvar at ikkje alkoholbruken til dei vaksne går ut over julekosen for barna, seier ho.

 

Bruk alkovett i jula

Vindafjord kommune er ein Av-og-til-kommune, og samarbeidar tett med Av-og-til for å førebygga og redusera skadeleg alkoholbruk.

– Alle barn fortener ei trygg og god julefeiring som kan gi dei hyggelege minner å ta med seg vidare i livet. Derfor oppfordrar me alle vaksne som skal feira saman med barn,  om å tenka over sin eigen alkoholbruk i jula, seier Maren Tjelmeland Hustoft i Vindafjord kommune.

Ho oppfordrar alle i Vindafjord til å ta med seg nokre gode råd om barn og alkohol inn i juleplanlegginga.
 

Den viktigaste hugselista i jula:

•    Drikk maks to glas når du er saman med barn  
Tenk gjennom på førehand om du skal drikka, og i så fall kor mykje, når det er barn til stades. Når barn blir spurde, seier fleirtalet at dei ønsker at vaksne skal drikka null eller berre eitt eller to glas alkohol når dei er saman med dei.  

•    Ver bevisst på kor mykje alkohol du kjøper inn
Jo meir alkohol me kjøper, desto meir drikk me gjerne òg. Pass på å fylla handlekorga med freistande alkoholfrie alternativ, så gjer du det lettare for folk å velga alkoholfritt. Kanskje du kan freista med ein alkoholfri velkomstdrink eller setta saman ein alkoholfri drikkemeny som er tilpassa julematen?

•    Bli einige med andre vaksne
Skal de feira jul saman med andre vaksne? Då kan det vera fint å avtala på førehand kva som er greitt og ikkje når det er barn til stades. Det kan vera lurt at minst éin er edru og kan køyra bil dersom det skulle skje noko.

•    Hugs at barn blir påverka, før du blir det
Ofte kan det vera vanskeleg for vaksne å oppdaga når det går frå å vera triveleg til å bli ubehageleg for barna. Det vaksne kan oppleve som positive endringar, som at ein ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjera barn usikre og utrygge. 
  
•    Ikkje gløym morgondagen
Juleøl og akevitt er ein del av julekosen for mange. Pass på at det ikkje endar med at du neste dag må avlysa skituren, snømannbygginga eller andre juleaktivitetar som heile familien har gledd seg til.   

•    Ver spesielt bevisst i feriar og høgtider
For barna er jula er ei spesiell og magisk tid. Julafta er ein dag dei har store forventingar til og gler seg til lenge i førevegen, og minna frå julefeiringa er noko dei tek med seg resten av livet. Det er vårt ansvar å sørga for at alkoholbruken til dei vaksne ikkje går ut over barnas julehygge.

Nettlenke til Av-og-til