Demografiendringane krev omstilling

Vindafjord Kommune hadde i veke 46 besøk av Håvard Moe frå KS-Konsulent. Målet med besøket var å ha samlingar med grunnleggjande kommuneøkonomi for både folkevalde, tillitsvalde og leiarar i Vindafjord Kommune. Endringane i demografien som ligg føre oss krev at Vindafjord Kommune endrar seg, var den korte oppsummeringa frå desse dagane.

Her frå samlinga med leiarar, avdelingsleiarar og tillitsvalde i Sandeid samfunnshus Håvard Moe

Håvard Moe har i meir enn 25 år jobba med å formidle grunnleggjande informasjon om kommunane sine inntekter og utgifter og nytta KOSTRA-analyser og samanlikning mellom kommunar for å seie noko om den kommunale drifta. 

- Min oppsummering er at Vindafjord Kommune har god kontroll på drifta i dag, men må omstille (kraftig) for å møte fremtiden de neste 5-10 årene, seier Håvard Moe. - Med å ta utgangspunkt i SSB sine fremskrivinger av folketallet (demografien), og bruke modellen for tildeling av rammetilskudd, viser tallene at Vindafjord Kommune gjennom den såkalte «utgiftsutjamningen» får en netto reduksjon av rammetilskuddet på nærmere 10 millioner kroner i 2030 sammenlignet med 2023, legg han til.

Frå folkevaldopplæringa på Rådhuset. Nils Erik Eide

Fordelinga av rammetilskotet til Norske kommunar skjer ved at alle kommunar som utgangspunkt får eit likt beløp per innbyggjar, men at dette så blir justert for mellom anna alderssamansetning (demografi) og avstandar i kommunen (geografi). Basert på SSB si folketalsprognose fram mot 2030 vil Vindafjord Kommune få ein auke i rammetilskotet som følgje av fleire eldre på ca vel 43 millionar kroner, samstundes som ein får ein reduksjon i rammetilskotet på nærare 53 millionar kroner som følgje av færre barn i barnehage- og skulealder.  

-  Viss ein berre tar utgangspunkt i desse tala, så må kommunen både omprioritere kraftig frå rammeområde oppvekst til rammeområde omsorg, og i tillegg redusere drifta med omkring 10 millionar kroner for å oppretthalde dagens netto driftsresultat, seier kommunedirektør Yngve Folven Bergesen. 

Ein av grunnane til at Vindafjord Kommune dei siste åra har hatt gode resultat på årsrekneskapen, er at skatteinngangen har vore høg, og Vindafjord Kommune er ein forholdsvis skattesterk kommune med skatteinntekter over landsgjennomsnittet. Kommunar som har skatteinntekter over landsgjennomsnittet delar dette med kommunar som har skatteinntekter under landsgjennomsnittet gjennom den såkalla «inntektsutjamninga». Regjeringa har signalisert at det vil skje ei omlegging av inntektssystemet, og at denne omlegginga vil innebere ei større utjamning mellom kommunar, noko som igjen sannsynlegvis medfører at Vindafjord vil sitje igjen med ein noko mindre andel av skatteinntektene framover. 

Her frå leiarsamlinga på Sand i Ryfylke Nils Erik Eide

-  Basert på Vindafjord Kommune sine KOSTRA-tall, og sammenlignet med andre kommuner med forholdsvis likt folketall og geografi, er min vurdering at Vindafjord Kommune har potensiale for å kunne drifte billigere,  seier Håvard Moe.  - Samtidig ser jeg at Vindafjord har et betraktelig større areal med formålsbygg enn sammenlignbare kommuner, og det kan også se ut til at kommunen har «saldert» driften ved å ikke ha investert i disse byggene de siste årene. Dette gjør at kommunen har en forholdsvis lav gjeldsgrad, og forholdsvis lave kostnader til renter og avdrag, men at det sannsynligvis ligger store investeringskostnader for kommunen like «om hjørnet».

Vindafjord kommune har, samanlikna med mange andre kommunar, ei forholdsvis lav gjeldsgrad. Samstundes har renteauken dei siste åra og vore merkbar for Vindafjord kommune, og kvart prosentpoeng renta aukar, så aukar dei reine renteutgiftene for kommunen med mellom 5 og 6 millionar kroner. Med ein forventa auke i investeringstakten vil både gjeldsgraden auke, og med det dei årlege rentekostnadane. 

-  Når ein summerar opp dei reduserte inntektene ein kan forvente, tar inn at det budsjetterte netto driftsresultatet må aukast framover for å nå måltalet på 1,75 % og reknar inn at det ligg store investeringar i den nære horisonten, så er det tydelig for meg at vi må iverksetje eit omstillingsprogram som gjev berekraft i den økonomiske drifta og framover. Eg signaliserte difor i formannskapet 21. november 2023 at eg vil initiere eit omstillingsprogram som kan gjere oss i stand til dette. Eg er glad for at både folkevalde og tilsette gjennom desse dagane med Håvard Moe har fått ei felles forståing av utfordringsbildet som ligg føre oss, og trur at saman med den kunnskapsinnhentinga som no sannsynlegvis vert vedteke gjennom budsjettet for 2024 skal gje oss  grunnlag for eit slikt omstillingsprogram, seier kommunedirektør Yngve Folven Bergesen. 

Kommunedirektør Yngve F. Bergesen Nils Erik Eide

Gjennomføringa av eit slikt program skal gjennomførast i tett samarbeid både med dei tilsette i kommunen og med det folkevalde nivået. Samstundes er det og viktig å oppretthalde eit godt tenestenivå til innbyggjarane i kommunen, og det vil og måtte vere ein del av fokuser når den kommunale drifta skal omstille.