Bli med på strandryddeveka 13. - 22. september

Frå fredag av er det nasjonal strandryddeveka, og den varer til og med 22. september.

Hold Norge rent

Vindafjord kommune er ein del av Strandryddeaksjon Haugalandet, og kommunen oppmodar innbyggjarar og hytteeigarar om å rydde strendene og naturen for søppel og plast som har samla seg opp gjennom sommaren. 
Det kan vere både langs sjøen, langs vatn og vassdrag, i skogen og andre stader i naturen. 
Inviter gjerne naboar, venner, kjente og ukjente for å lage trivelege og sosiale ryddearrangement rundt om i kommunen. Det er ein strålande måte å kome seg ut i naturen på samtidig som ein bidrar med å gjere ein forskjell for naturmiljøet. I tillegg kan det vere riktig så sosialt, så ta gjerne med ein grill eller liknande (helst ikkje ein eingongsgrill) for ein hyggeleg og sosial avslutning på arrangementet.

Ved å opprette ein ryddeaksjon (ein må opprette ein brukar) får ein tildelt ein aksjonskode.
Trykk her for å opprette ein ryddeaksjon  
Denne er viktig for å kunne få levert avfallet gratis til HIM sine gjenvinningsstasjonar. Her kan ein og hente ryddesutsyr (søppelsekkar og hanskar). 
Sjå meir info på HIM sine nettsider her

Vindafjord kommune har og søppelsekkar og hanskar som kan hentast gratis (i opningstida) på Rådhuset i Ølen eller Teknisk bygg i Sandeid.

For meir informasjon om strandryddeveka sjå her: Nettsidene til Holde Norge rent .

Saman kan me gjere vakre Vindafjord endå meir vakkert, både for menneske- og dyreliv!