Bli med å markera den nasjonale refleksdagen!

Refleksdagen blei arrangert av Trygg Trafikk første gong i 2006, og er alltid tredje torsdag i oktober.

I år er det 20. oktober. Målet med dagen er å få alle vaksne i Rogaland til å finna fram refleksen, og bruka den når dei er ute og går på vegane, både i bygater og på bygdevegar.

Det blir stadig kortare dagar, og haustmørket krev meir av både køyrande, syklistar og fotgjengarar. Køyrer du bil eller andre 4- og 2-hjulingar med motor, ver merksam og hald farten nede. Er du fotgjengar og syklist, gjer deg synleg med refleks og lys på sykkelen.

Bruk 5 minutt

Er du blant dei som gløymer refleksen? Bruk 5 minutt på Refleksdagen og fest refleks på jakkar og baggar. Det er ei smart investering av tid!

Kjøp gjerne klede med refleks påsydd. Jo meir refleks, jo betre. Då har du éin ting mindre å hugsa på i kvardagen og er trygg i mørket.

Gatekunst-fenomen Martin Whatson har designa årets refleks for Trygg Trafikk

6 reflekstips

  • Vel alltid refleksar med CE-merke. Dette er det typen som gir den reflekseffekten du treng.
  • Heng eller fest refleksen i knehøgde. Då mottar refleksen mest mogeleg lys frå billyktene.
  • Vel refleksar som bevegar seg når du brukar dei – dei er mest synlege.
  • Bruk to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar.
  • Fest refleks på alle jakkar, vesker og baggar. Dermed er du alltid klar og budd når det er mørkt.
  • Bruk refleks sjølv om det er gatelys.

Visste du dette om refleks?

Utan refleks er du først synleg på 25-30 meters hald. Brukar du refleks er du derimot synleg på heile 140 meters hald når bilen du møter brukar nærlys.

Omrekna til sekund betyr det at ein bilførar har 10 sekund i staden for 2 sekund på å reagera. Det kan vera forskjellen på liv og død.