Besøk frå Hjelmeland kommune

Fredag 7. juni fekk Vindafjord kommune hyggeleg besøk frå utvida leiargruppe i samfunn og næring frå Hjelmeland kommune.

Her er delegasjonen frå Hjelmeland kommune saman med representantar frå Vindafjord kommune. Vindafjord kommune

Tema for møtet var å veksle erfaringar kring mellom anna «Rogalandsmodellen», reiseliv, næringsarbeid og utbygging. 

Frå Vindafjord kommune møtte einingsleiar kommunalteknisk, einingsleiar areal og forvaltning og kommunalsjef samfunnsutvikling. 

Det var ein veldig bra og nyttig samling.