Aktivitetsdag på Vindafjordmuseet

Tradisjonen tru, skipar Vindafjordmuseet i stand aktivitetsdag for store og små. Tema for dagen er den gamle røykstova frå Slettastøl. Bli med og nyt ein dag i vakre omgivnadar!

Vikedal Bygdatun Haugalandmuseet

Aktivitetsdag på Vindafjordmuseet

Sundag 24. september kl. 12:00-15:00
Stad: Vindafjordmuseet, Movegen 111, Vikedal
Pris: Vaksne kr. 70,- og born kr. 50,- (born inntil 16 år gratis inngong)

Vindafjordmuseet byr på ei mengde aktivitetar. Du kan få læra å trykkja fine mønster henta frå utsmykkinga i røykstova. Du kan lytta til eventyr eller eit foredrag om korleis ein budde og levde i røykstovene gjennom vintrane. Du vil også få læra om dei ulike symbola som vart krota på tømmerstokken. To gonger i året kom såkalla krotekjerringar på besøk og smykka ut dei mørke tømmerstovene.

Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag står for sal av kaffi, saft og noko å bita i.

Elles er den faste kulturhistoriske utstillinga ope og sjølvsagt temautstillinga: «Natostasjonen på Lysenuten». Ute kan ein gå naturrebus, skyte med pil og boge og prøva seg på styltar. Hjarteleg velkomen!

Program:

Kl. 13 - kåseri om livet i røykstovene ved formidlar Monica Haugan

Kl. 14 -  Eventyrforteljing i røykstova ved formidlar Tove Selås

 

For fleire opplysningar kontakt formidlar Monica Haugan: mh@haugalandmuseet.no
tlf. 52 70 93 60/ 970 09 834

Plakat: aktivitetsdag på Vindafjordmuseet