Åkleregistering og vev i veg – ein dag for levande handverk på Vindafjordmuseet

Vindafjordmuseet inviterer til ein heil dag med fokus på åkle, vev og levande handverkstradisjonar – med registrering av åkle frå indre Haugalandet på dagtid og utstillingsopning og vev på kveldstid.

Har du eit åkle frå indre Haugalandet?

Museet søkjer åkle til dokumentasjon for ettertida!

Haugalandet har ein rik og variert åkletradisjon, mellom anna med ruteåkle og krokbragdåkle. Vindafjordmuseet ønskjer no å dokumentere fleire vevnader for å få endå meir kunnskap om dei lokale vevtradisjonane.

Torsdag 23. april

kl. 12.00–17.00

Vindafjordmuseet, Vikedal

Ta med åkleet ditt denne dagen for registrering og fotografering. Du får åkleet med deg heim same dag.

Visste du at ordet åkle kjem frå det norrøne áklæði og betyr sengeteppe? Ordet er brukt i norske kjelder heilt tilbake til 1300-talet.

Har du eit åkle liggande? — Haugalandmuseet

Vev og veving - Klikk for stort bilete Vindafjordmuseet

Velkomen til Museumsstafett: Vev i veg!

Same dag inviterer Vindafjordmuseet til ein inspirerande kveld.

Torsdag 23. april kl. 18.00

Vindafjordmuseet, Vikedal

Velkomen til utstillingsopning med fokus på vevetradisjonar og kvinnehistorie i regionen.

Her blir det ei levande utstilling om tradisjonell vevekunst – og høve til å prøva sjølv!

Med mottoet «museum til å ta og føle på» inviterer me til å veva saman. Bli inspirert av gamle handverkstradisjonar og korleis dei kan vera relevante i dag.

Museumsstafett | Vev i veg! — Haugalandmuseet