50 tilsette deltok på PAS-opplæring

Tilrettelagde tenester hadde i dag kick-off for felles intern opplæring innan PAS (positiv atferdsstøtte). 

Omlag 50 tilsette deltok på internopplæringa.

Me er så heldige å ha fleire tilsette i eininga med vidareutdanning i dette.

Kristin Tellefsen og Merethe Klungtveit var dei som leia opplæringa.

Dei formidla verdien av PAS-arbeid og korleis dette kan styrkja miljøarbeidet i kvardagen.

Kristin Tellefsen og Merethe Klungtveit var dei som leia opplæringa. - Klikk for stort bileteKristin Tellefsen og Merethe Klungtveit var dei som leia opplæringa. Åshild Håvås

PAS (Positiv atferdsstøtte) er ein metode som skal førebyggja utfordrande åtferd ved å leggja til rette for meistring, trivsel og positive løysingar i kvardagen. 

PAS byggjer på forståing av årsaker til åtferd og bevisst bruk av støttande tiltak.

– Det kom mange gode refleksjonar og innspel på tvers av avdelingane. Målet er å heva kompetansen, med fokus på positiv atferdsstøtte og ei meir bevisst bruk av verktøy frå verktøykassa i det daglege arbeidet, fortel Åshild Håvås, einingsleiar for tilrettelagte tenester.

PAS-opplæring - Klikk for stort bilete Åshild Håvås