2. gongsutlysing rektor Vikedal skule

Det er ledig stilling som rektor på Vikedal skule frå 01.08.24. Er du lysten på ein kjekk og interessant jobb, då søkjer du denne stillinga.  

Bente Tednes Gjil

2.gongsutlysing

Vikedal skule er ein 1-10-skule med ca 170 elevar, med tilbod om SFO. Vikedal skule har eit team med engasjerte og svært kompetente medarbeidarar med fokus på den einskilde elev, på trivsel og læring. Vikedal skule har i sitt utviklingsarbeid fokus på fagleg og sosial læring. Vikedal tilhøyrar indre strok av kommunen, og har eit stort tilhøyrande uteområde og er elles omgitt av flott natur, med nærleik til skog, mark og sjø som vert aktivt brukt i undervisninga i skulen.

Hovudarbeidsoppgåver

Som rektor vil du vera ein del av rektorgruppa, som består av engasjerte einingsleiarar frå alle skulane i Vindafjord. Rektor er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skulen. Einingsleiar har til saman 100% administrasjonstid, i tillegg til inspektør i 75% stilling. Merkantilbistand får du frå dyktige merkantile lokalisert på rådhuset i Ølen.

Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet. Vindafjord kommune har høge ambisjonar for elevane si læring. Det er tydelege forventingar til einingsleiar som overordna pedagogisk leiar. 

Einingsleiar rapporterer til barnehage- og skulesjef.

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjent lærarutdanning
  • Dokumentert pedagogisk kompetanse
  • Leiarutdanning (rektorskulen eller anna relevant leiarutdanning) er ønskjeleg
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
  • Strategisk innsikt og visjonar for Vikedal skule si pedagogiske utvikling
  • Leia og følgja opp utviklingsarbeid og vedtekne planar
  • Evne til strukturert og systematisk leiing og styring av organisasjonen
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig
  • Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring
  • Digital kompetanse

Personlege eigenskapar

Gode personlege eigenskapar.

Me kan tilby

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Vindafjord kommune har nynorsk som målform.

Slik søker du

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Søknadsfrist 10.08.24.