2.400 soldatar skal øva i Rogaland

Neste veke kan du møta på soldatar i kommunen. Heimevernøvinga blir gjennomført frå måndag 27. september til og med fredag 1. oktober.

Heimevernsoldatar på patrulje og sikring av veg. - Klikk for stort bilete Heimevernet

Det er Agder og Rogaland heimevernsdistrikt 08 som skal ha øvingar i dei fleste delane av Rogaland i veke 39.

Det blir feltøvingar der avdelingane vil trena på å løysa oppdrag innan sine primærfunksjonar. Dette kan vera vakthald, sikring og patruljering av område og veiaksar. Det vil bli militær trafikk på enkelte vegar. Lausammunisjon og lysrakettar vil bli brukt, og ein kan pårekna noko støy heile døgnet.

Viktige og sårbare ressursar i samfunnet må og skal sikrast. I dette arbeidet har Heimevernet (HV), i samarbeid med politiet, ei viktig rolle. HV skal sikra verdiar i krise og krig, slik at Noreg har alle nødvendige ressursar i forsvaret av landet.

Objektsikring er ei av de viktigaste oppgåvene til Heimevernet. HV har også andre viktige oppgåver som sikring av alliert mottak, overvaking og kontroll, trygging av viktige vegar, sivilt militært samarbeid og kjempa mot mindre fiendtlege styrkar.

Har du spørsmål om øvinga, kan du ringa HV-08 operasjonssenter på telefon 51 34 39 31