Rettleiingsdag om vald og truslar i skulen

Torsdag denne veka deltok skulane med verneombod, tillitsvalde og leiarar rettleiingsseminar frå Arbeidstilsynet på rådhuset i Ølen. Før denne dagen måtte deltakarane gjennomføre e-læringsopplegg med dette som tema.

Omlag 45 tilsette frå skulane deltok på rettleiingseminaret om vald og truslar.. Nils Erik Eide

Korleis førebyggja vald og truslar i skulen?  
Vald og truslar er ei utfordring i arbeidsmiljøet på skulen. Det må me ta på alvor.  Arbeidstilsynet inviterte til rettleiing, i samarbeid med kommuneleiinga. Her fekk deltakarane rettleiing i korleis de kan jobba for å førebyggja vald og truslar.  
 
Målet med rettleiinga var

  • Å bli kjent med regelverket for førebygging av vald og truslar 
  • Å komma i gong med eller forbetre det systematiske, førebyggande arbeidet mot vald og truslar på eigen skule


Rettleiinga var ein kombinasjon av e-læring og fysisk samling. 

Samlinga vart leia av Arbeidstilsynet ved Ingri Litleskaret og Øyfrid Geiring. Dei la opp til praktisk erfaringsdeling og planlegging av det videre arbeidet.

Ingri Litleskare og Øyfrid Geiring frå Arbeidstilsynet leia rettleiingsseminaret om vald og truslar for skulane Nils Erik Eide

E-læring 
E-læringa inneheld ei innføring i kva arbeidsmiljøregelverket seier om førebygging av vald og truslar og korleis ein som leiar, verneombod og tillitsvald kan jobba saman om førebyggingsarbeidet i praksis.

Alle som vil kan gå inn og ta denne e-læringa. Slik får du tilgang til e-læringa
    • Logg deg inn på Arbeidstilsynet sin e-kurs-portal
    • Vel “tilgang som gjest” 

Nils Erik Eide

Andre innslag denne dagen var frå
    • Kommunalsjef Nils Erik Eide, korleis jobbar me i kommunen?
    • Elias Valderhaug frå Falck, bedriftshelsetenesta

I tillegg var også KS representert ved Frode Ingvaldstad, han var her som observatør for sjå om det er grunnlag for ein større konferanse om temaet. PPT leiar Sonja H. Lærdal deltok også. 

Frode Ingvaldstad, KS Nils Erik Eide