Gratis vaksine mot kikhoste til gravide

Gravide vert tilrådd å ta vaksine mot kikhoste i svangerskapsveke 24. Dette for å verna barnet mot sjukdommen frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3 månaders alder.  

Vaksinering - Klikk for stort bilete HaticeEROL, Pixabay

I Vindafjord vil gravide få kikhoste vaksine gratis frå mai hos jordmor og fastlege, dvs den som er ansvarleg for svangerskapskontrollen. Gravide er tilrådd å ta vaksina i kvart svangerskap uavhengig av kor lenge det er sidan førre gong. Dette for at barnet skal vera best mogleg beskytta dei 3 første månadene. 

FHI-informasjon om kikhostevaksine til gravide 

På vaksinekontoret opplev ein at fedre og besteforeldre også tar kontakt for oppfriskning av kikhoste vaksina. Det er gledeleg. Den blir gitt i ein kombinasjonsvaksine med difteri, polio og stivkrampe. Denne vaksina er anbefala heile den norske befolkninga å ta kvart tiande år. 

Vaksinekontoret vil gjerne oppfordra publikum til å ta kontakt ved spørsmål om oppfriskningsdosar generelt. 
Me har tilbod om vaksiner mot vannkoppar, helvetesild, RS-virus og lungebetennelse til anbefalte grupper. 

Vaksinekontoret:
Telefon: 91 30 38 42 tysdag, onsdag og torsdag 
E-post:  vaksinekontor@vindafjord.kommune.no

Jordmor:
Telefon: 90 26 49 05 måndag, tysdag, onsdag og fredag 
E-post: jordmor@vindafjord.kommune.no