Sjå regionen med Vindafjord som base

Bu godt i vakre Vindafjord og opplev regionen i aust, vest, nord og sør. Me har samla gode forslag til kva du kan nå på ein time eller på dagstur.

 

Person står ute på Trolltunga. - Klikk for stort bileteSpektakulære Trolltunga er kjent over heile verda. Anne Mette Klungland

Ein time vest

Køyrer du ein time vest frå Vindafjord, kjem du til Haugesund og Karmøy. Her finn du blant anna vikinggard, Europas største minigolfanlegg, kritkvite badestrender og mykje meir.

 

Sandstrand på Karmøy. - Klikk for stort biletePå Karmøy kan du gå frå strand til strand. Visit Haugesund

Dagstur mot vest

Frå Haugesund kan du også ta turen ut til Røvær og Utsira som er to øyer like utanfor Karmøy.

Utsira

Røvær

Ein time aust

Køyrer du ein time aust frå Vindafjord, kjem du til Åkrafjorden og starten av Hardanger. Her er det fine tur- og overnattingsmoglegheiter.

 

Norsk flagg og Langfoss. - Klikk for stort bileteLangfoss er kåra til ein av verdas 10 vakraste fossefall. Ellen Marie Hagevik

 

Dagstur mot aust

Frå ein dagstur til Hardanger kan du koma heim med opplevingar du seint kjem til å gløyma. Her er det flotte fjelltoppar, sidersmaking, isbrear, og mykje meir som er verdt å få med seg.

Ein time nord

Tar du turen nord frå Vindafjord, ender du opp i Sunnhordaland. Køyrer du vest mot Aksdal, kan du ta av ved Våg og herifrå går vegen opp til «sommarøya» Stord og Bømlo. Stord har fine toppturar og restaurantar ein kan besøka, mens Bømlo byr på mykje fint sjølandskap og strandidyll.

 

Frå Himmelhyttene i Sagvåg ser du naturen frå ørna sitt perspektiv. - Klikk for stort bileteFrå Himmelhyttene i Sagvåg ser du naturen frå ørna sitt perspektiv. Zekiye Nyland

 

Dagstur mot nord

Køyrer du til Skånevik i Etne kommune kan du ta ferje over til Kvinnherad kommune.

 

Baroniet i Rosendal sett frå lufta. - Klikk for stort bileteBaroniet i Rosendal sett frå lufta. Øystein Solheim

 

Ein time sør

Køyrer du ein time sør for Vindafjord kjem du til Nedstrand og kan ta turen over til Ryfylke. Her er det flotte øyperler, høge fjelltoppar og koselege tettstadar.

Dagstur mot sør

Ønskjer du å bruka litt meir tid, kan du dra enda lengre sør og oppleva meir av Ryfylke.