Laksefiske

Skal du fiska etter laks, sjøaure eller sjørøye i vassdrag, må du betala den statlege fiskeravgifta. I tillegg må du kjøpa fiskekort der du skal fiska.

 

Laks som ligg på grøn bakke med fluestong ved sida. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Avgifta gjeld for heile landet. Barn og ungdom under 18 år skal ikkje betala fiskeravgift.

Kjøp av statleg fiskeravgift

Vikedalselva i Vikedal

  • Fisketid: 15.06  - 15.08 onsdag - søndag.
  • Døgnkvote: 1 laks per fiskar.
  • Sjøauren er freda, og all sjøaure skal settast ut igjen.

Kjøp av fiskekort

Rødneelva i Sandeid

  • Fisketid: 01.07 - 15.08 fredag - søndag:
  • Døgnkvote: 2 laks per fiskar.
  • Sjøauren er freda, og all sjøaure skal settast ut igjen.

Kjøp av fiskekort

Åmselva i Vats

  • Fisketid: 01.08 - 31.08.
  • Døgnkvote: 1 laks per fiskar.
  • Sjøauren er freda, og all sjøaure skal settast ut igjen.

Kjøp av fiskekort

Svendsbøelva i Vikebygd

  • Fisketid: 01.08 – 31.08.
  • Døgnkvote: 2 laks per fiskar
  • Sjøauren er freda, og all sjøaure skal settast ut igjen.

Kjøp av fiskekort: elva er fullbooka for 2022-sesongen

Kontaktperson: Magne Nagell Bjordal, mobil 99 01 23 08

Vågselva i Ølensvåg

  • Fisketid: 01.08 - 31.08.
  • Døgnkvote: 1 laks per fiskar.
  • Sjøauren er freda, og all sjøaure skal settast ut igjen.

Kjøp av fiskekort: Denne elva er sterkt påverka av vegarbeid, og det er ikkje sal av fiskekort i 2022.