Sandeid

Sandeid var administrasjonssenter i Vindafjord den siste delen av tida som eigen kommune. Folketalet er rundt 1.070 innbyggarar.

 

Sauer på fjellbeite med utsyn til heile Sandeid. - Klikk for stort bileteFrå beitet oppi fjellet har sauene utsyn til heile Sandeid. Severine Nordskog

Her finn du Sandeid på kartet

Bygdesenteret inneheld dei vanlege handels- og servicebedrifter, men også handverk,- elektro- og produksjonsbedrifter. Dei to største bedriftene er slakteriet Nortura Sandeid og hovudkontoret til Helgevold Gruppen.

På Helgeland ligg det interkommunale ski- og friluftsanlegget Fjellstøl med mellom anna lysløyper for heilårsbruk. I tillegg er mange fine turalternativ i bygda, til dømes Lysenuten, Øktaren og Olalia.

Stadnamn frå Sandeid tyder på tidleg busetnad. På denne staden har det i gamal tid blitt halde hesteløp. Helgeland er knytt til religiøs handling, eventuelt religiøst senter.

Sandeid samfunnshus er sentralt i bygda. Der er det stor aktivitet, mellom anna teater, bingo og skyting. Sandeid har barneskule og barnehage.

Grendeside for Sandeid

Bygdelag og leiarar

Bygdelag og leiarar
Lag Leiar E-post Telefon
Bjoa bygdeutviklingslag Aleksander Bjørnø aleksander.teibjo@gmail.com
Fokus Sandeid Ingvar Gjerde ingvar.gjerde@hotmail.com 95 24 63 46
Imsland grendautval Monika Vanvik grendeutvalet@imsland.info 91 99 26 05
Skjold bygdalag Anette Svendsen skjoldbygdalag@gmail.com 93 44 80 79
Vats grendautval Monica Nesheim vatsgrendalag@gmail.com 93 05 94 63
Vikebygd grendautval Gunn Vikingstad post@vikebygd.no 48 89 17 54
Vikedal grendeutval Lars Bryn Rønnevik lars.ronnevik@morenot.com
Ølensvåg grendeutval Monica Berge Fjæra monica.berge@haugnett.no 99 03 70 76
Ølen grendeutval Magne Christiansen olengrendautval@gmail.com 91 67 06 11