Her finn du Ølen på kartet
Ølen er den sentrale tettstaden i kommunen med vel 1.810 innbyggarar. Her er kommunesenteret og kommuneadministrasjonen.
Akkurat nå er det utarbeida ein moglegheitsstudie for Ølen. Moglegheitsstudien ser på korleis Ølen sentrum kan utvikla seg til ein attraktiv stad der folk trivst og ønskjer å vera. Moglegheitsstudien ser på kva Ølen kan bli i framtida. Dette handlar om å sjå på korleis Ølen kan utvikle seg i eit kortsiktig perspektiv (i morgon) og i eit langsiktig perspespektiv fram mot 2050 (i overmorgon). Ta deg ein titt og sjå kva som kan bli mogleg i framtida om me samarbeidar om å nå måla.
Der vegane møtest er ei god beskriving av kommunesenteret, som frå gamalt av har vore eit kommunikasjonsknutepunkt for distriktet. Her møtest bussar frå aust, sør og vest med båten frå nord, og trafikken på hovudvegen mellom vest og aust, E 134, aukar stadig.
Sentrum er godt bygt ut med gode tjenestetilbod innan handel, service og varierte næringsverksemder. I same bygg som Ølen senter ligg også Landbrukets Hus.
Ølen har både barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, idrettshall og symjehall.
I sentrum finn du også Sjøperlo, eit sambygg med Ølen kulturhus der kommunen mellom anna har bygd kultur- og læringssenter, bibliotek og fellesarealet Sjøperlo Hall.
Er du på jakt etter noko å finna på ute, er Aktivitetsparken heilt i sjøkanten eit godt alternativ. Her kan du både leika, trena og skata.
Dei største verksemdene i Ølen er Vindafjord kommune og Fatland slakteri. Dette slakteriet er det største privateigde slakteriet i landet.
Facebook-side grendautval
Bygdelag og leiarar