Administrasjonsutvalet (ADMU)
Aministrasjonsutvalet (ADMU) er kommunen sitt partssamansette utval etter kommunelova § 5-11. ADMU har avgjerdsmynde i saker som gjeld forholdet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette, dersom myndet ikkje er tillagt andre organ/delegert til kommunedirektøren eller saka sin karakter tilseier at kommunestyret skal ha avgjerdsmynde.
Arbeidsområde, der kor ikkje myndet er tillagt andre:
- Personalpolitiske retningsliner
- Generelle tilhøve mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette
- Tvistespørsmål om tolking og praktisering av avtalar, reglement og andre avgjerder som angår dei tilsette sine tilsetjings-og arbeidsvilkår.
ADMU må ikkje forvekslast med Arbeidsmiljøutvalet (AMU), som er kommunedirektøren sitt arbeidsmiljøutval. Dei kan i nokre tilfelle ha overlappande fagområde. Begge utval har tillitsvaldrepresentantar, men i ADMU er det politikarar som er arbeidsgjevarrepresentantar. ADMU vert leia av ordføraren.
Møteplan og medlemmer
Sist endra 07.03.2024 12.06