Innbyggarinitiativ

Innbyggarane i ein kommune eller i eit fylke har rett til å setta ei sak på den politiske dagsorden i kommunen eller fylket (initiativrett). Dette blir kalla innbyggarinitiativ.

Kommunestyret er forplikta til å ta stilling til eit framlegg som gjeld verksemda i kommunen, dersom minst 2 prosent av innbyggarane står bak det. Likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid tilstrekkeleg.

Slik foreslår du ei sak for politikarane

  1. Gå inn på nettsida minsak.no
  2. Her kan du foreslå saker som du meinar at vil gjera din kommune betre.
  3. Deretter må du samla underskrifter. Dette kan gjerast elektronisk på nettsida.
  4. Når du har samla rett antall underskrifter, kan du senda saka til kommunen din via nettsida

Fleire retningslinjer 

Meir om korleis du foreslår saker til politisk behandling kan du lesa her.

Om minsak.no

Minsak.no er utvikla i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Målet er at du lettare skal kunna foreslå saker for din kommune eller fylkeskommune. Dette er ein rett du har, som er lovfesta i kommuneloven.

Kontaktinformasjon

Politisk sekretariat
Telefon 53 65 65 65

Anne Mette Klungland 53 65 65 62
Inger Olaug Sandvik 53 65 65 08
Marianne Bauge 53 65 65 17