Innbyggarforslag

Som innbyggar i kommunen har du rett til å kreva at eit konkret forslag blir handsama av kommunestyret. Du må ha støtte frå andre innbyggarar for ditt forslag. Du har også denne retten sjølv om du er under 18 år. 

Kommunestyret er forplikta til å ta stilling til eit framlegg som gjeld verksemda i kommunen, dersom minst 2 prosent av innbyggarane står bak det. 

Innbyggarforslag er hjemla i kommuneloven §12. Vidare viser ein til veiledar utarbeida av kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Slik foreslår du ei sak for politikarane

  1. Registrer saka på nettsida minsak.no, ein nettportal der innbyggarane kan foreslå saker og samla underskrifter elektronisk. Sida er driven av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
  2. Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. I løpet av ein valperiode kan ikkje det sama forslaget handsamast meir enn ein gong. 
  3. Skaff minst det antal underskrifter som blir krevd frå personar som støttar forslaget (2 % av innbyggartalet). Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse. Adressene må bekrefta at alle som har skrive under bur i Vindafjord. Manglar adressene kan forslaget avvisast.
  4. Kontroller underskrifter og send inn saka. Samlar du fleire underskrifter enn det som er påkrevd, blir du først beden om å luka ut underskrifter frå folk utanfor kommunen. Det skjer ved hjelp av ein moderator-funksjon i minsak. Har du etter det framleis nok underskrifter, klikkar du på ein knapp som gjer at saka blir sendt til kommunen.

Kva skjer med di sak?

Kommunen kontrollerer at saka di oppfyller kriteriane for å bli handsama. Du får skriftleg beskjed om resultatet av kontrollen.

Politisk handsaming

Saka blir sendt til handsaming i kommunestyret, som gjer det endelege vedtaket i saka di. Det skal skje seinast seks månadar etter at kommunen får den inn, om det er mogleg.

Inga handsaming i kommunestyret

Saker som allereie er handsama av kommunestyret i løpet av valperioden, og saker med same innhald som eit tidlegare innbyggarforslag, kan politikarane velja å la vera å handsama.

Eksempel

Forslag om ein ny idrettsbane kan for eksempel bli vurdert ut frå kva andre planar kommunen har for området, kor lenge andre har venta på nye banar og kor mykje ein slik bane kostar. Kanskje politikarane allereie har vedtatt noko om ein bane i området?

Meir informasjon om innbyggarforslag

 

Om minsak.no

Minsak.no er utvikla i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Målet er at du lettare skal kunna foreslå saker for din kommune eller fylkeskommune. Dette er ein rett du har, som er lovfesta i kommuneloven.

Kontaktinformasjon

Politisk sekretariat
Telefon 53 65 65 65

Anne Mette Klungland 477 82 951
Inger Olaug Sandvik 477 93 680
Marianne Bauge  476 99 164