Gjeldande kommuneplan

Plan- og bygningslova stiller krav til innhald og handsaming av kommuneplanar, og til at kommuneplanen skal ha ein samfunnsdel, ein arealdel og eit handlingsprogram.

I samfunnsdelen skal me ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for heile kommunesamfunnet og for kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen skal også gi mål og retning for arealbruken og føringar for utforming av plankartet og føresegnene i arealdelen. Den skal vera grunnlag for sektorane sine planar og verksemd i kommunen. Vidare skal samfunnsdelen omtala og synleggjera kommunen si utvikling og potensiale i regional samanheng.

Arealstrategien er koplinga mellom samfunnsdelen og arealdelen og skal klargjera den langsiktige arealpolitikken i kommunen. Arealstrategien bør vera ei langsiktig ramme for kommuneplanen og ha eit lengre perspektiv enn vanleg kommuneplanperiode på 12 år. Tidsperspektivet kan t.d. vera 20-30 år. Ved å løfta dei strategiske avklaringane om framtidig arealutvikling og utbyggingsmønster til samfunnsdelen, kan kommunen slå fast ein del overordna rammer for arbeidet med arealdelen.

Arealdelen består av ein kartdel som viser disponering av kommunen sine areal og har føresegner og retningslinjer for dei ulike arealføremåla.

Den kortsiktige delen av kommuneplanen er eit handlingsprogram for alle sektorane i kommunen si verksemd dei næraste fire åra. I Vindafjord er den kortsiktige delen identisk med kommunen sin økonomiplan.

Samfunnsdel med arealstrategiar

Kommunestyre i Vindafjord vedtok i møte 18.06.2024, sak 033/24, Kommuneplan for Vindafjord kommune 2024-2036, samfunnsdel med arealstrategiar.

Les kommuneplanen her

Planen i PDF (PDF, 3 MB)

Arealdelen

Arealdelen blei vedtatt 20.06.17.

Arealdelen med føresegner (PDF, 902 kB)

Sjå kommuneplanen digitalt her

Kommunedelplanar

Ein kommunedelplan er på eit meir detaljert nivå enn kommuneplanen.

20.10.2015 Kommunedelplan E134 Bakka - Solheim  (PDF, 5 MB)

24.08.2018 Kommunedelplan for kulturminne og miljø (PDF, 13 MB)
 

08.09.2015 Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og kulturbygg (PDF, 5 MB)
Revisjon pågår