Sei di meining om forslag til revidert arealdel til kommuneplan

I arealdelen til kommuneplanen blir det bestemt korleis me skal bruka areala på land og i sjø. Dette skjer gjennom vedtak av eit kart som viser område for sentrumsfunksjonar, bustadar, hytter og næring, landbruks-, natur- og friluftsområde med meir.

Formannskapet i Vindafjord kommune vedtok den 10.12.2024 å sende forslag til kommuneplanen sin arealdel for perioden 2025 til 2037 på høyring.

Høyringsfrist er satt 22.04.2025.

Kommuneplanen sin arealdel skal gi rammer og føringar for framtidig arealbruk kommune og den skal vise kva omsyn som skal bli vurdert i arealdisponering i kommunen.

Kommuneplanen sin arealdel bygger på føringane gitt i planprogrammet for kommuneplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel.

Heile planforslaget finn du her:  Kommuneplanen sin arealdel 2025-2037

Direktelink til dei ulike delane av planforslaget: 

Du kan og sjå kva innspel som kom inn gjennom den digitale kartløysinga. NB! Denne løysinga har ein feilmelding under oppstart der det står at du må logge deg på. Trykk avbryt på denne (må trykke fleire gonger). Etter dette kjem du inn i løysinga.

Alle kan gi innspel til planforslaget. Send høyringssvaret til kommunen på epost: postmottak@vindafjord.kommune.no, merk med høyringsinnspel til kommuneplanen sin arealdel. Siste frist for innspel utgangen av 22.04.2025.

Formannskapet sitt vedtak og alle sakspapir finn du her.