Møteplikt og forfall

Medlemma av eit kommunalt eller fylkeskommunalt folkevalgt organ pliktar å delta i organet sine møter om dei ikkje har gyldig forfall. Medlemma som er til stades når ei sak tas opp til avstemning, pliktar å stemma.

FORFALL 
Eventuelt forfall må vera gyldig, og skal meldast så snart som mogeleg slik at varamedlem kan innkallast i tide. 

Forfall kan du melda inn her postmottak@vindafjord.kommune.no 

Det er viktig å vera klar over at det er møteplikt i folkevalgte organ, og at terskelen for å melda forfall er høg. 
Arbeidstakarar har krav på fri fra arbeidet for å skjøtte møteplikta.
Gyldig forfall kan for eksempel vera sjukdom, uoppsettelig arbeid som forretningsreiser, og store familiebegivenheter som bryllup, jubileer og begravelsar. 
Eksempler på ugyldig forfall er fritidsaktiviteter og mindre familiebegivenheter som fødselsdager og middagssamankomstar. Feriereiser som er planlagt etter at møteplanen er vedtatt er heller ikkje gyldig forfall.
Det enkelte organets leiar har eit ansvar for at praktisering er i tråd med kommunelova sine bestemmelsar.  Arbeid er som hovudregel ikkje forfallsgrunn, men kan i heilt spesielle situasjoner kunna godkjennast. 

Dersom ein folkevald har varig forfall eller uttreden av eit verv, gjeld kommunelova sine reglar for opprykk og nyval.

 

FRAMMØTE
Møt alltid presis. Ein god vane er å koma nokre minuttar før møtet startar. Det er å visa respekt for kvarandres virksomhet og tidsdisponering. Ein god regel kan vera å ta deg tid til å helsa på dei øvrige møtedeltakarane. 
Om du ikkje rekk fram til møtet i tide på grunn av uforutsette hendelsar er det viktig at du gir beskjed til møteleiar så fort som mulig. Kom gjerne med eit anslag på kor lenge du vil vera forsinka, gjerne slik at møteleiar har eit tidspunkt å forholda seg til.