Post og e-post

All post og e-post til og frå kommunen er offentleg, om den ikkje er taushetsbelagt.

Posten blir sortert, og det blir vurdert om den skal overføras til arkivsystemet. All post som blir ført i arkivsystemet kjem på postlistene. Det betyr at du kan finna ditt brev omtala, sitert eller gjengjeve i sin heilskap i avisa eller på nyheitene.

E-post er ikkje trygg sending. Send difor ikkje sensitive opplysningar i e-post. Den kan bli henta av andre før den kjem fram til mottakar, havna på feil adresse eller liknande.

Kontaktinformasjon

Bjarte Stølås Storli
Personvernombod
Sveio kommune
E-post
Telefon 53 74 80 11

Har du har spørsmål om kommunen si behandling av personopplysningar? Personvernombodet skal jobba for at personvernet vert ivaretatt på ein god måte, både for tilsette og innbyggarar.

Vindafjord kommune har felles personvernombod med Tysvær, Etne og Sveio.