Offentlege innkjøp

Her finn du mellom anna oversikt over anbod, kommunen sin innkjøpsstrategi og retteleiar til korleis du sender faktura på elektronisk handelsformat, EHF.

Innkjøp

Vindafjord kommune inngår anbod og avtalar om bygg, anlegg, varer og tenester etter regelverket om offentlege anskaffelsar.  Regelverket om offentlige anskaffelser omfattar flerie lovar og forskrifter.  

Lov om offentlige anskaffelser definerer krav til kommunens anskaffelsesprosessar. Lova seier noko om krav til kunngjering, fristar, dokumentasjon, spesifisering av ytelsar, tildelingskriterier, kontrakt og klageadgang.

Lova krev dessutan at offentlege verksemder innrettar sin anskaffelsespraksis slik at den bidrar til å redusera skadeleg miljøpåverknad, samt fremma klimavennlege løysingar og respekt for grunnleggande menneskerettar.

Forskrift om offentlige anskaffelser utdyper lovens bestemmelsar, og angir meir detaljerte prosedyrar for korleis kommunen skal gjennomføre sine anskaffelsar, avhengig av blant anna anslått verdi og kva slags kjøp det er snakk om.

Oversikt og søk etter anbod finn du på Mercell.

Innkjøpsstrategi

Innkjøpstrategi for Vindafjord kommune

Bruk elektronisk faktura

Vindafjord kommune ønsker at alle leverandørar skal senda faktura på elektronisk handelsformat (EHF).
Dette gir ei rekke fordelar for begge partar:

  • Raskare betaling. Postgang og manuelle rutinar forsvinn, noko som vil redusera risikoen for betaling etter forfall.
  • Innsparingar i form av papir, porto og automatiske rutinar.
  • Risiko for feil blir betydeleg redusert, som feiltasting og/eller tolking ved skanning.
  • Betre for miljøet. 

Dersom EHF ikkje kan brukast, skal faktura sendast til okonomi@vindafjord.kommune.no.

Rettleiar for EHF

Difi har laga ein rettleiar for fagleg og teknisk personell hos brukarar som ønsker å senda og motta elektronisk faktura og kredittnota.

Rettleiar for Elektronisk Handelsformat - EHF

Digital konkurransegjennomføring

Vindafjord kommune gjennomfører konkurransar digitalt. Dette innebærer blant anna at all kommunikasjon og tilbodsinnlevering skjer elektronisk

Forskrift om offentlige anskaffelser stiller krav til elektronisk innlevering av tilbod, om anskaffelsens anslåtte verdi overstiger kr 1 300 000 eks. mva.