Kommunalsjef samfunnsutvikling

Kommunalsjef samfunnsutvikling, Halfdan Krohn Brekke, har ansvar for rammeområde forvaltning drift og utvikling, det vil seia einingane areal og forvaltning, kommunaltekniske tenester og reinhald. I tillegg har kommunalsjefen også ansvar for eining kultur og læring.  

Halfdan Krohn Brekke

 

Kommunalsjefen har ansvar for

Kommunalsjef er ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe, som saman har eit hovudansvar i forhold til politiske og administrative avgjerder og følga opp resultatkrava i organisasjonen. Det blir vektlagt god utvikling av kommunen sine tenester, arbeidsgjevarpolitikk og samfunnsrolle.

Kommunalsjefen har det overordna fag- og økonomiansvar for heile rammeområdet, og har ansvar for at tenestene blir drive i samsvar med dei overordna måla som blir sett.

Kommunalsjefen har ansvar for

  • Strategisk leiing av kommunalsjefen si leiargruppe
  • Overordna leiing av rammeområdet forvaltning, drift og utvikling
  • Overordna ansvar for kulturfeltet og samhandling med frivillig sektor
  • Budsjett og økonomistyring
  • Overordna plan og planstrategi
  • Strategisk kjøp og sal av eigedom
  • Overordna samferdselssaker, infrastruktur, breiband med meir
  • Overordna folkehelsearbeid
  • Bidra strategisk til heilskapleg utvikling av kommuneorganisasjonen og kommunen, som en del av kommunedirektøren si leiargruppe.
  • Overordna næringsarbeid
  • Kommunalsjefen skal også ha eit utadretta fokus på samfunnsutvikling, bygdeutvikling og samarbeid
  • Administrativt ansvar for prosjekt «Vakre Vindafjord»

Areal og forvaltning

Eining areal og forvaltning dekkar fagområda plan, byggesak (inkludert deling), oppmåling, landbruk (jord- og skogbruk), vilt- og fiskeforvalting, adressering, kart, eigedomsskatt, utslepp frå og tilsyn med private avløpsanlegg og forureining (i hovudsak frå landbruk).

Eininga har også arbeidsoppgåver knytt til forvalting av vatn (ferskvatn og fjordar) gjennom vassområdeforvaltninga (både i Rogaland og i Vestland) og eit prosjekt på frivillige forureiningstiltak i landbruket på Haugalandet.

Kommunaltekniske tenester

Eining kommunaltekniske tenester har blant anna ansvar for drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar, anlegg, vegar, idrett- og grøntområde, sal og utleige av næringsareal, samt dei gebyrbelagte tenestene vatn og avløp. Eininga har også ansvar for saksbehandling innanfor dei ovannemde fagområda.

Vindafjord kommune er med i interkommunalt samarbeid for desse tenestene

Reinhald

Eininga reingjer i alle kommunale bygg og fellesareal i bygg med omsorgsbustadar i. Eininga sel reinhald til eksterne, og det blir selt utvask av kommunale bustadar.

Eininga har ansvar for vaskeriet på Vindafjordtunet. Her blir klede til bebuarane og anna utstyr på Ølen Omsorgssenter og Vindafjordtunet vaska og frakta fram og tilbake.

Kultur og læring

Omfattar generelt administrativt kulturarbeid i kommunen, kulturskule, bibliotek, vaksenopplæring og frivilligsentral. Eininga er stasjonert i Kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen, tenesteaktivitetar og undervisning skjer både der og ute i grendene.

Næring

Kommunalsjefen har det overordna næringsansvaret i kommunen. Ta gjerne kontakt for spørsmål knytt til næringsetablering og andre spørsmål knytt til næringsutvikling. Kommunen har her god hjelp frå andre aktørar, og Medvind24 Næringshage har ansvar for førstelinjetenesta knytt til næringsetablering.

Næringsutvikling krev god kommunikasjon på tvers og godt samarbeid med næringslivet og andre næringsaktørar. Kommunalsjefen har faste møte med både Medvind24 og Fikse næringsutvikling SA for å sikra god dialog i næringsutviklingsspørsmål.

I kommunen har me mange spennande næringsområde, både kommunale og private område. Eining kommunaltekniske tenester har oversikt over ledige tomter for sal i desse områda. 

Attraktive bustadområde og bustadtomter er viktig for oss. Me har mange ledige tomter i heile kommunen og nokre av desse har kommunen oversikt over og sel direkte. Ta kontakt med kommunaltekniske tenester for spørsmål om sal og kjøp i desse områda. Vindafjord tomteselskap har i all hovudsak all bustadutvikling for kommunen, så ta derfor først kontakt med dei for å finna din draumeplass. 

Vakre Vindafjord

Velkommen til Vakre Vindafjord!

Me har som mål å få fleire til å busetta seg i kommunen og har lansert ei eiga nettside, Vakre Vindafjord. Der vil vil me fortelja om korleis me jobbar for dette. Me presenterer også kommunen vår med alt det spennande me har å tilby til deg som bur her, til deg som besøker oss, til deg som jobbar hos oss, og særleg til deg som drøymer om å busetta deg her.

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Halfdan Krohn Brekke
Halfdan Krohn Brekke
Kommunalsjef samfunnsutvikling
E-post
Mobil 92 24 60 49
Profilbilde av Berit Fyljesvoll Haugsland
Berit Fyljesvoll Haugsland
Einingsleiar
Kommunaltekniske tenester
E-post
Mobil 91 35 04 68
Profilbilde av Ane Kesia Eide Fatland
Ane Kesia Eide Fatland
Einingsleiar
Kultur og læring
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 48 09 92 51
Mobil 48 09 92 51
Lillian Vormestrand
Einingsleiar
Reinhald
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 61 40
Mobil 91 17 14 85