Nils Erik Eide
Ellen Marie Hagevik
Kommunalsjef er ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe som saman har eit hovudansvar i forhold til politiske og administrative avgjerder og følga opp resultatkrava i organisasjonen. Det blir vektlagt god utvikling av kommunen sine tenester, arbeidsgjevarpolitikk og samfunnsrolle.
Kommunalsjefen har det overordna fag- og økonomiansvar for heile rammeområdet, og har ansvar for at tenestene blir drive i samsvar med dei overordna måla som blir sett.
Kommunalsjefen har ansvar for
- Strategisk leiing av kommunalsjefen si leiargruppe
- Overordna leiing av rammeområdet
- Budsjett og økonomistyring
Leiargruppa til kommunalsjef for oppvekst er
- Barnehage- og skulesjef
- Barnevernleiar
- PPT leiar
- Leiar for Kultur og læring
Det er ni skular i Vindafjord kommune:
Skuleeigar
Oppvekstkontoret har det overordna ansvaret på skuleeigarnivå for skular i Vindafjord etter opplæringslova med forskrift. Skulane blir følgt opp på det skulefaglege området gjennom rettleiing og internkontroll.
Det blir utvikla strategiplanar for kvalitetsutvikling og årlege tiltaksplanar samt andre styringsdokument som følger opp lokale og sentrale politiske vedtak innan skuleområdet. Det blir jobba tett opp mot politisk utval for oppvekst og omsorg (OPOM), som er det næraste politiske nivå.
Vindafjordskulen i utvikling
Vindafjordskulen sitt mål er at elevane sitt læringsutbytte, både fagleg og sosialt, minst skal ligga på det nasjonale snittet. Fleire aktørar spelar viktige roller for å oppnå dette. Forsking viser at læraren er den viktigaste direkte premissleverandøren for elevane si læring.
Samstundes seier forsking noko om at læraren sin kompetanse er avhengig av ei kompetent skuleleiing som legg til rette for og er i stand til å leia profesjonelle læringsfellesskap for sine tilsette. Det er politisk og administrativ skuleeigar sitt ansvar å sette skuleleiarane i stand til dette.
Skuleeigarskapet legg til rette for prosessar som utviklar gode skuleleiarar. Gode skuleleiarar legg til rette for prosessar som utviklar lærarane sin kompetanse. Gode lærarar legg til rette for læringsprosessar som styrkar og utviklar elevane sitt læringsarbeid og læringsutbytte. Elevane sin familie, bakgrunn og klasse- og skulemiljøet har og direkte påverknad på læringa.
Det er seks kommunale og tre private barnehagar i Vindafjord kommune:
Barnehageeigar
Oppvekstkontoret har det overordna ansvaret på barnehageeigarnivå for barnehagar i Vindafjord etter barnehagelova med forskrift. Barnehagane blir følgt opp på det barnehagefaglege området gjennom rettleiing og internkontroll.
Det blir utvikla strategiplanar for kvalitetsutvikling og årlege tiltaksplanar, samt andre styringsdokument som følger opp lokale og sentrale politiske vedtak innan barnehageområdet. Det blir jobba tett opp mot politisk utval for oppvekst og omsorg (OPOM), som er det næraste politiske nivå.
Vindafjordbarnehagen i utvikling
Ny statleg Rammeplan for barnehage er innført, og arbeidet med å implementera denne er godt i gong. Planen er forskrift for barnehagane. Alle barn med rett til barnehageplass, og som har sendt søknad til hovudopptak 1. mars, skal få tilbod om plass i kommunen. God fagkompetanse er viktig for kommunen å ha i barnehagane våre, det same gjeld gode leiarar.
Det blir sett fokus på opplæring i omgrep og språk i barnehagane. Dette er grunnlag for opplæring i skulen og difor viktig for alle, men spesielt for barn med dårleg språkutvikling eller barn med eit anna morsmål. Det vil bli gitt kurs og rettleiing til barnehagane.
«Vera Saman» er godt implementert tidleg innsats og førebyggande arbeid er innsatsområde i barnehagane. Barn treng gode og trygge barnehagar med nok personale til å ivareta dette. Satsing på dei yngste barna er mellom anna å ha nok vaksne i barnehagen. God psykisk helse er avgjerande, og barnehagane følger planar som kommunen har i dette arbeidet. Nettverk og barnehagebasert læring er arbeidsmåtar som blir prioritert i samband med kompetanseheving.
Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er regulert i opplæringslova og barnehagelova (per 01.05.2016). Alle kommunar og fylkeskommunar er forplikta til å ha PPT.
Mandatet til PPT er å hjelpa skulane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringa kan tilretteleggast betre for elevar med særlege behov, samt sørga for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der det trengs som grunnlag for vedtak om spesialundervisning.
PPT skal også utarbeida sakkunnig vurdering for barn under skulepliktig alder, samt for vaksne på grunnskulen sine område. Det er fleire prosessar på gong med tanke på styrking av den ordinære opplæringa slik at færre elevar vil ha behov for spesialundervisning.
Pedagogisk psykologisk teneste er eit interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 27 mellom kommunane Etne og Vindafjord med eige samhandlingsorgan. Vindafjord kommune er vertskommune.
Vindafjord kommune er vertskommune for Etne og Vindafjord barnevern. Barneverntesta skal sikra barn og unge naudsynt hjelp, omsorg og trygge oppvekstvilkår om dei lever under forhold som kan skada deira helse og utvikling.
Barn og unge frå 0-18 år og deira familiar får tenester hos barnevernet. Hjelpetiltak kan oppretthaldast til barnet har fylt 25 år. Ny lovendring tredde i kraft 01.01.22.
Dei tenestene som ligg under Opplæringslova ligg under oppvekst. Det er kulturskulen, skulebiblioteket og vaksenopplæringa.
Med all satsing på barn og unge som BTI, SLT, Ung Data, oppvekstreforma, kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, folkehelse med meir, er det viktig at kommunen har ein koordinator for å sikra at tenestene går i takt med desse nye og viktige satsingane for laget rundt barnet. Oppvekstkoordinator vil arbeida for tettare samarbeid mellom barnehagar, skular, barnevern, NAV, helsetenester og sosialetenester.
Kommunalsjefane for helse og omsorg, oppvekst og samfunnsutvikling fungerer som styringsgruppe for barn og unge. Det at alle områda er representert også på overordna nivå, er med og understreker kor viktig heilskap og samanheng er i arbeidet.