Kommunalsjef Vegard Bang har det overordna ansvaret for kommunen si budsjett- og økonomistyring.
Vegard Bang
Ellen Marie Hagevik
Kommunalsjefen har ansvar for
Kommunalsjef er ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe som saman har eit hovudansvar i høve til politiske og administrative avgjerder og følga opp resultatkrava i organisasjonen. Det blir vektlagt god utvikling av kommunen sine tenester, arbeidsgjevarpolitikk og samfunnsrolle.
Kommunalsjefen har det overordna fag- og økonomiansvar for heile rammeområdet, og har ansvar for at tenestene blir drive i samsvar med dei overordna måla som blir sett.
Kommunalsjefen har ansvar for
- strategisk leiing i kommunedirektøren si leiargruppe
- overordna fagleg leiing og leiing av stabsavdelinga Økonomi
- overordna budsjett- og økonomistyring i kommunen
- støtte og rådgiving i høve til dei andre rammeområda
Økonomi-avdelinga
Avdelinga har det overordna faglege ansvaret for budsjettering, økonomioppfølging, rekneskap, innkjøp og finansforvaltning i Vindafjord kommune. Avdelinga er ein støttefunksjon for organisasjonen i den daglege økonomistyringa. Avdelinga har ansvar for:
- månadsrapportar, tertialrapportar og årsrekneskapen til kommunen, og å hjelpa organisasjonen med budsjettoppfølging og løpande økonomistyring.
- behandling av alle inngåande og utgåande faktura til kommunen, og innkreving av kommunale krav.
- inngåing og drift av rammeavtalar og støtte for resultateiningane ved gjennomføring av anbodsprosessar. Vindafjord kommune er ein del av innkjøpssamarbeidet på Haugalandet som omfattar 10 kommunar.
- forvalting av kommunen si gjeld og finansielle aktiva
- behandling av søknadar om redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO
- tilskot til private barnehagar
- rekneskapen til kyrkjeleg fellesråd, sokna i kommunen og det Interkommunale hjorteviltutvalet på Haugalandet
Sist endra 14.08.2023 05.30