Foryngingsplikt

Når du har hatt hogst av barskog, har du plikt til å setta hogstflaten i ny produksjon innan 3 år. Dette vil vanlegvis bety planting.

Forskrift om berekraftig skogbruk set rammer for kva som reknast som tilfredsstillande forynging.

Det er berre bartreplanter som inngår som teljande planter/treslag i ny forynging, der det tidlegare var barskog. I bestand der barskog utgjorde meir enn 50% av volumet, kan naturleg oppslag av lauvskog ikkje reknast med i den framtidige forynginga, med mindre kommunen har gitt godkjenning. 

Skogeigar må søke kommunen om godkjenning når:

  • forynging skal skje med lauvtre der bartre utgjer over 50% av volumet før hogst
  • forynging skal skje med andre treslag i edellauvskog (unntatt i eikeskog på låg og middels bonitet

Søknaden må sendast kommunen innan 6 månader etter hogst.