Miljøfyrtårn
er ei miljøsertifiseringsordning som er berekna på verksemder i offentleg og privat sektor.
Teknisk bygg og rådhuset er Miljøfyrtårn-sertifisert.
Verksemda må innfri generelle krav og spesielle bransjekrav innanfor avfall, energi, transport, innkjøp, og arbeidsmiljø for å få Miljøfyrtårn-sertifikatet. Miljøsertifiseringen skal hjelpa verksemder til å driva miljøvenleg og lønsamt.
Du kan lesa meir om Miljøfyrtårn her
Rådhuset i Ølen blei miljøtårnsertifisert 5. september 2014. Teknisk bygg i Sandeid har vore miljøfyrtårn sidan 2015.
Årleg klima og miljørapport 2023, Teknisk bygg, Sandeid
Årleg klima- og miljørapport 2020, rådhuset
Grønt Flagg
Grønt flagg er ein internasjonal miljøsertifiseringsordning som rettar seg mot barnehagar og skular.
Formålet med Grønt Flagg er å sikra berekraftig utvikling gjennom undervisning.
Du kan lesa mer om Grønt Flagg her
Fairtrade
Fairtrade er verdas største og mest kjente merkeordning for rettferdig handel. Fairtrade-merking er eit konkret og påliteleg verktøy for importørar og forbrukarar som ønsker å gjera sitt for meir rettferdig handel og utvikling i fattige land. I butikkar finn du ulike Fairtrade-merka produkt.
I denne brosjyra ser du kva du finn i Vindafjord (PDF, 2 MB).
Kvifor Fairtrade?
Fairtrade godkjenner varer og leverandørar etter standardar. Desse sikrar betre arbeids- og handelsvilkår for bønder og arbeidarar. Dermed kan dei investera i produksjon, lokalsamfunn og i ei bærekraftig framtid.
Vindafjord som Fairtrade-kommune
Ut frå vedtak i kommunestyret, blei Vindafjord godkjent av Fairtrade Norge i mai 2014. Arbeidet blir førebels leia av ei styringsgruppe med sekretær frå administrasjonen og to politiske representantar. Som Fairtrade-kommune pliktar Vindafjord å
- bruka Fairtrade-kaffi og te på rådhuset, gjerne også på andre stadar.
- driva aktivt informasjonsarbeid.
- undervisa om Fairtrade i skular og barnehagar.
Kontakt
Har du bruk for meir informasjon, eller har du spørsmål?
Kontakt Mariann Samuelsen på e-post servicetorget@vindafjord.kommune.no eller telefon 53 65 65 65.
Du kan lesa meir om Fairtrade her