Det ikke lov å lagra avfall, eller gjera noko som utgjer fare for forureining. Dette i samsvar med plikta til å unngå forureining i pararaf 7, og forbodet mot forsøpling i paragraf 28 i forurensingslova.
Avfall er definert i forureiningslova paragraf 27 som lausøregjenstandar eller stoff som nokon har kassert, har til hensikt å kassera eller er plikta å kassera. Dersom gjenstandane utgjer fare for forureining, kan kommunen pålegga fjerning utan at dette kjem inn under definisjonen på avfall.
Avfall skal leverast til godkjent mottak.
Gjenstander som blir dumpa i naturen, eller står til forfall, er skjemmande. I tillegg kan glaskår, metallskrot, gjerderestar og anna utgjera skadeleg fare for dyr og fuglar. Avfall kan også medføra fare for forurensing. Elektronikk, bilvrak, maling, oljerestar og bygg- og revningsavfall kan ha ein høg forureiningsrisiko.
Den som har forsøpla eller forureina er ansvarleg for å rydda opp og ta kostnaden. Grunneigar kan også bli pålagt å rydda dersom det ikke er mogeleg å seia hvem som er skuldig i forsøplinga.
Ulovleg dumping eller lagring av avfall vil resultera i pålegg om opprydding og tvangsmulkt, eller rydding for eigar si rekning om pålegget ikkje blir etterkome. Storleiken på tvangsmulkta avheng av omfanget, men vil vera større enn leveringskostnadane til godkjent mottak.