Husdyrgjødsel og spreieareal

  • Det er berre lov til å spreia gjødselvarer av organisk opphav (husdyrgjødsel og pressaft) på godkjent spreieareal.
  • Fulldyrka jord og overflatedyrka jord er automatisk godkjent som spreieareal for husdyrgjødsel, men fulldyrka og overflatedyrka jord skal berre reknast som spreieareal dersom jorda er i produksjon og i praksis blir brukt til spreiing av husdyrgjødsel.
  • Dersom ein vil spreia husdyrgjødsel på innmarksbeite, må kommunen godkjenna arealet som spreieareal for husdyrgjødsel. Spreieareal kan dermed ikkje bli rekna ut automatisk frå arealet ein disponerer.

Det er Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav som legg føringar for kor mykje spreieareal eit føretak må ha tilgjengeleg ut frå tal dyr som er på bruket, og som etter § 24 gir kommunane moglegheit til å godkjenna areal utanom fulldyrka og overflatedyrka jord som spreieareal.

  • Spreiing av husdyrgjødsel skal skje etter 15. februar i perioden frå våronnstart til 1. september, fortrinnsvis om våren når plantevekst tar til.
  • Etter 1. september er det ikkje tillatt å spreia husdyrgjørdsel. Spreiing med nedmolding er tillatt fram til og med 31. oktober.
  • Det er ikkje tillatt å spreia husdyrgjødsel på snødekt og frosen mark uansett dato.
  • Det kan søkast om dispensasjon for utsetting av spreiefrist etter søknad til kommunen, men ikke lengre enn ut september. Søknad skal vera grunngjeven, skriftleg og med kartgrunnlag.
  • For foretak som søker Tilskot til miljøvennleg spreiing, nedlegging av husdyrgjødsel (RMP), er siste frist for spreiing 10. august på dei omsøkte felta.

Spreieskjema, krav og avtalar

Føretak som har eller disponerer husdyrgjødsel må sjølv sikra at husdyrgjødsla i praksis blir nytta som ein ressurs på godkjent spreieareal.

Dette spreiearealskjemaet gir ei god skjematisk oversikt over tal gjødseldyreiningar (GDE) målt opp mot disponibelt spreieareal.

Alle bruk skal ha minimum 4 daa fulldyrka jord per gjødselsdyreining (GDE).

Ved leige av spreieareal må det føreligga skriftleg avtale mellom leverandør og mottakar av husdyrgjødsla. Det må også leverast kvittering for ferdig utkøyrt husdyrgjødsel. Denne må kunna leggast fram ved kontroll.

Forslag til avtale om leige av areal for spreiing av husdyrgjødsel med kvitteringsdel. (PDF, 155 kB)

Spreieareal på innmarksbeite

For å kunna spreia husdyrgjødsel på innmarksbeite, må det søkast kommunen om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal for husdyrgjødsel. I avgjerder om godkjenning av spreieareal, skal kommunen gjera vurderingar etter naturmangfaldlova, vassforskrifta og kulturminnelova.

Beite, eller dei delane av eit beite som ein ikkje bør bruka husdyrgjødsel på, blir ikkje godkjent som spreieareal. Dette kan til dømes vera 

  • areal nær elv og vatn
  • under kraftlinjer
  • der det er mykje stein
  • der ein ikkje kjem til med spreieutstyr
  • der det er for stor køyreavstand til at det blir spreidd i praksis.
  • Beitepraksis og tilkomst til areala er også ein del av vurderinga.

Informasjon om innmarksbeite godkjent som spreieareal

Temakart Rogaland tilbyr ei kartløysing som skal gi god oversikt over kor mykje innmarksbeite som er godkjent som spreieareal for kvar landbrukseigedom.

Kommunen teiknar inn alt godkjent spreieareal i innmarksbeite her, slik at kartet viser kva område som kan spreiast med husdyrgjødsel. Her er også trekkprosenten lagt inn, slik at det kjem fram kor mykje av godkjent areal som tel som spreieareal på kvar enkelt landbrukseigedom.

Gå inn på Teamkart Rogaland spreieareal. Dersom det kjem opp ein meldingsboks, trykk lukk. Under finn du ei nyttig oppskrift på korleis sjekka i kart.

Steg for steg for å sjekka godkjent spreieareal på innmarksbeite (PDF, 905 kB)

Slik søker du

For å søka om innmarksbeite godkjent som spreieareal, fyll ut søknadsskjema, legg ved kart med omsøkte innmarksbeiter for spreieareal og send det til postmottak@vindafjord.kommune.no

Søknad om beite godkjent som spreieareal

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Anne Karin Langeland
Anne Karin Langeland
Konsulent
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 86 67
Profilbilde av Sissel Lilleland
Sissel Lilleland
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 78 03 92
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80