Kva gjer du med plagsomme fuglar, flaggermus på loftet eller grevling under huset?
Svaret finn du i Miljødirektoratet sin rettleiar
Vilt som gjer skade
Rettleiaren er avgrensa til å gjelda viltartar. Med viltartar meinar me alle
- pattedyr som lever på land, for eksempel grevling
- fuglar
- amfibier, for eksempel salamander
- krypdyr, for eksempel buorm
Viltforskrifta sine bestemmingar gjeld berre artar innan desse gruppene som kan overleva i norsk natur. Artar som ikkje kan overleva i norsk natur, som for eksempel papegøye eller pytonslange, er ikkje vilt.
Sist endra 09.01.2023 15.06