Skada og døde dyr

Alle har eit ansvar for å hjelpa sjuke og skada dyr. Kommunen har eit særskilt ansvar for ivaretaking av hjortevilt som er skada etter påkøyrsle. Dette betyr at ein ofte må ettersøka og avliva hjort eller rådyr som er skada etter å ha blitt påkøyrd. 

Plikter ved påkøyrsle av dyr

Det er ikkje straffbart å køyra på eit dyr, men det er straffbart å ikke melda frå.

Ved uhell skal du melda frå til politiet på 02800. Dei varslar viltnemda og andre aktørar.

Om du får lov av politiet til å køyra frå staden, skal du merka kvar påkøyrsla skjedde eller kvar viltet ligg. Bruk for eksempel ein plastpose eller noko anna godt synleg du har i bilen slik at personell fra kommunen lett kan finna staden.

Oppgi gjerne koordinatar til politiet. Det finn du i kart på mobiltelefonen. Om du brukar «Hjelp 113»-appen på smarttelefon, kan du ringa politiet direkte frå appen. Då ser dei nøyaktig kvar du er.

Avliva eller ikkje avliva dyret

For å hindra unødig liding, er det viktig at kompetent personell kan gjera søk og vurdera om dyret skal avlivast. Det er berre med godkjenning frå politiet at du kan få lov til å avliva dyret sjølv. Fuglar og mindre dyr kan du sjølv avliva dersom det er heilt klart at dyret ikkje kan leva eller bli friskt.

Dyr frå dyrehald og storvilt skal ikke avlivast dersom det lar seg gjera å få tak i eigaren, veterinær eller politiet innan rimelig tid. (Lov om dyrevelferd § 4) 

Husk at du

  • Aldri skal følga etter eit skada dyr sjølv. Det kan både vera farleg og gjera ettersøkshunden sitt arbeid vanskeleg.
  • Skal sikra skadestaden ved å setta ut varseltrekant og skru på nødblink på køyretøyet.
  • Skal ta på deg refleksvest.

Har kommunen plikt til å fjerna døde dyr?

Nei, kommunen har ikkje plikt til å fjerna døde dyr i naturen. Det blir sett på som å vera ein del av det naturlege krinsløpet. Kommunen kan vurdera om det er særlege forhold som gjer at eit dyrekadaver bør fjernast, for eksempel om

  • kadaveret ligg nær ei drikkevasskjelde
  • kadaveret ligg tett inntil bustadområde eller barnehage
  • kadaveret kan vera gjenstand for smitte eller andre særlege forhold