Vårtelling

Vårtelling av hjort på innmark gir eit bilete på den relative bestandsstorleiken om våren, og kan seia noko om bestandsutviklinga over tid.

Tellinga går i regi av Det interkommunale hjorteviltutvalet, eit samarbeidsorgan for hjorteviltforvaltning, der kommunane Vindafjord, Etne, Sveio, Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær, Suldal og Sauda er med.

Vårtellinga har vore gjennomført sidan 1999. Det blir talt hjort langs faste ruter som er like frå år til år. Dette blir gjort på seks bestemte datoar og til bestemt tid på døgeret.

I 2024 vert det teljing 14.mars, 21.mars, 04. april, 18. april, 25. april og 04. mai.
Oppstart er kl. 23.00. Det vert nytta bil og lyskastarar.

Kommunen takkar alle som bidrar med tida si til dette!

Resultat frå vårteljinga 2010-2023:

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Gitte P Halvorsen
Gitte P Halvorsen
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 89 66
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80