Haugaland vassområde

Vassforskrifta sitt mål er å sikra eit mest mogeleg heilheitleg vern og berekraftig bruk av vatn. Landet er delt inn i vassområder med koordinatorar, og Sven-Kato Ege er koordinator for Haugalandet.

Vassområdekoordinator sine oppgåver

Koordinator har fleire oppgåver, kor det å hjelpa kommunen i arbeidet med oppfølging av vassforskriftsarbeidet er ein vesentlig del. Det omfattar mellom anna

  • Utarbeida dokument i samband med søknadar, anbod, rapportering og så vidare.
  • Delta i gjennomføring av tiltak
  • Gjennomføra årleg overvaking av vassførekomstar
  • Stilla med fagleg kompetanse i kommunale saker

I tillegg er koordinator si rolle å legga til rette for medverknad og engasjement frå jeger- og fiskerforeiningar, grunneigarlag, bønder, grunneigarar og andre med interesse for godt vassmiljø.

Har du spørsmål eller innspel, ta gjerne kontakt med vassområdekoordinator Sven-Kato Ege eller Hans Olav Stuhaug på Eining areal og forvaltning.

Nyttige lenker

Bakgrunn

Vassforvaltingsarbeidet er eit resultat av Noreg si implementering av EU sitt vassrammedirektiv gjennom ei eiga nasjonal vassforskrift i 2007. I motsetnad til dei andre kommunane på Haugalandet, er Vindafjord delt mellom to vassområde.

Vatnet som drenerer til Boknafjordbassenget ligg i Haugaland vassområde, mens vatnet som drenerer til Sunnhordlandbassenget, ligg i Sunnhordland vassområde. Både Haugaland og Sunnhordland vassområde har eigne vassområdekoordinatorer, om enn med ulik stillingsbrøk.

Formål

Vassforskrifta sitt mål er å sikra eit mest mogeleg heilheitleg vern og berekraftig bruk av vatn.

Det betyr at me skal kunna bruka vassførekomstar (elvar, innsjøar, fjordar og så vidare) til rekreasjonsaktivitetar og næring utan å måtta bekymra oss for om vatnet er forureina, men også ta vare på og restaurera vassdrag for artar som lever der.

Målet er at alle vassførekomstar i Vindafjord skal ha god økologisk og kjemisk tilstand.

Kommunen si oppfølging 

Kommunen pliktar å følga opp tiltak innanfor sitt sektorregelverk, og jobbar aktivt for å nå miljømåla som er sett. Blant anna har kommunen (i samarbeid med bønder, grendeutval med fleire) gjennom Aksjon Vatsvassdrag arbeidd for å avgrense næringsavrenning til vassdrag i Vats.

Kommunen har også følgt og sanert utslepp til den høgt prioriterte Ølsfjorden. Overvaking av miljøtilstand i Vatsvassdraget viser betydeleg betring.

Vidare har kommunen fleire prosjekt og tiltak som skal bidra til betra vasskvalitet slik at miljømåla blir nådd:

Frivillige tiltak i landbruket på Haugalandet

Vindafjord bidrar saman med dei andre kommunane på Haugalandet i spleiselaget til prosjektet. Det har som mål å minimera næringsavrenning frå jordbruk og hindra og gjenoppretta unødvendige inngrep i vassdrag med bakgrunn i auka kunnskap hos bønder.

Oppdrag Skjoldafjorden

Saman med Frivillige tiltak i landbruket på Haugalandet og Tysvær kommune, har kommunen nå fokus på å hindra næringsavrenning til Skjoldafjorden.

Fjorden og tilløpsbekkane er spesielt viktige oppvekst- og leveområde for sjøaure i fylket.

Sjøaureprosjektet i Vindafjord

Dei siste åra har ein fått kartlagt leveområda til sjøauren i svært mange vassdrag i Vindafjord. Kommunen er den best kartlagde kommunen i Rogaland med omsyn til sjøaure. I rapportane frå kartleggingane blir det føreslått ei rekke tiltak for å betra forholda for sjøauren. Det er i tråd med vassforskrifta sitt mål om god økologisk tilstand.

Kommunen jobbar tett med Vindafjord Jakt- og Fiskelag, ulike grunneigarlag, bønder, grunneigarar, Haugaland vassområde og Frivillige tiltak i landbruket på Haugalandet i tiltaksgjennomføringa som starta i 2021.

Kontaktinformasjon

Sven-Kato Ege
Vassområdekoordinator for Haugalandet vassområde
E-post
Mobil 47 67 57 39

Haugalandet vassområde omfattar kommunane Vindafjord, Haugesund, Bokn, Karmøy, Tysvær, Utsira, små område av Suldal kommune , små område av Sveio kommune (Vestland), små områder av Etne kommune (Vestland).