Buplikt
Buplikt betyr at nokon må bu på ein eigedom. Det kan vera buplikt på landbrukseigedommar, og på andre eigedommar.
Du må søka konsesjon om du ikkje har tenkt å oppfylla buplikta.
Meir om buplikt på landbruksdirektoratet sine nettsider
Driveplikt
Det er driveplikt på jordbruksareal med fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Du kan oppfylla driveplikta ved å driva arealet sjølv eller leiga det bort som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum ti år om gongen.
Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønsker å driva arealet sjølv eller leiga det bort. For å få fritak for driveplikta, må du senda søknad til kommunen. Kommunen kan gi varig fritak eller fritak for ei viss tid. Kommunen kan også stilla vilkår for fritaket.
Meir om driveplikt på landbruksdirektoratet sine nettsider
Fritak for driveplikt
Eigar kan søka kommunen om fritak frå driveplikt. Kommunen vil legga vekt på følgande i si avgjersle:
- kor viktig det er å halda jordbruksarealet i hevd
- storleiken på arealet
- avkastningsevna
- om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i området
- eigar sin livssituasjon
Det er ikkje eige skjema for å søka om fritak. Du må du senda eit eige brev i fritekst til kommunen.
Jordleige
Dersom eigar ikkje ønsker å drive sjølv, må jordbruksarealet leigast vekk som tilleggsjord for 10 år om gongen.
Jordleigeavtale
Leigeavtalen må vere skriftleg og er uoppseieleg frå eigar si side. I tillegg må den føra til driftsmessige gode løysingar. Avtalar som ikkje oppfyller desse krava kan ikkje gjerast gjeldande mellom partane eller overfor myndigheitene.
Avtale om leige av jord (PDF, 58 kB)
Kopi av avtalen skal sendast landbruk@vindafjord.kommune.no.
Forpakting
Forpaktingskontrakt mellom eigar og brukar av eit gardsbruk omfattar jordbruksareal, driftsbygning og bustad. Dette blir inngått for ein bestemt periode og til avtalt pris.
Det må i samband med avalen haldast forpaktingsskjønn.
Skjema forpaktingskontrakt
Avtalen skal sendast til kommunal landbruksforvaltning.
Areal og forvaltning, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
eller på e-post landbruk@vindafjord.kommune.no
Lovar