Ambulerande skjenkeløyve

Ambulerande skjenkeløyve kan bli gitt til lukka arrangement som til dømes private jubileum eller jobbfestar, der det er skjenking mot betaling. 

Kven må søka?

Skal det selgast alkohol, må det alltid søkast om løyve. Bedrifter som skjenker i eigne lokale til sine tilsette utan å ta betaling, treng ikkje søka om løyve. Det er mange unntak til skjenking utan vederlag. Alkohollova gir meir detaljert informasjon om kven som må søka eller ikkje. 

Kor lang tid tar det å behandle søknaden?

Behandlingstida i kommunen er berekna til om lag 3 veker. 

Kva krav må oppfyllast for å få løyve?

  • Det må utpeikast ein styrar med stadfortredar.
  • Løyvesøkar, styrar og stadfortredar må vera fylt 20 år.
  • Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.

Slik søker du

Søknad om ambulerande skjenkeløyve

 

Kontaktinformasjon

Servicetorget
E-post
Telefon 53 65 65 65

Besøksadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Opningstid
Måndag til fredag frå kl. 09.00 - 14.30

  • I juli er opningstida 10.00 – 14.00. 
  • I romjula er opningstida 11.00 – 14.00
  • Onsdag før skjærtorsdag, julafta og nyttårsafta er rådhuset i Ølen og teknisk bygg i Sandeid stengt.