Etablerarprøva

Daglege leiarar for serveringsstader må ha bestått etablerarprøva. Prøva skal sikra at dei ansvarlege har den nødvendige kunnskapen om økonomistyring og lovgiving, og er eit krav ved søknad om serveringsløyve.

Pensum

Du kan finna læremateriell på nettsida til vinn.no.

Kva kostar det?

Det kostar 400 kroner å avlegga etablerarprøva.

Korleis går du fram for å ta prøva?

Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 og avtal tid for å avlegga prøva.

Kontaktinformasjon

Servicetorget
E-post
Telefon 53 65 65 65

Besøksadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Opningstid
Måndag til fredag frå kl. 09.00 - 14.30

  • I juli er opningstida 10.00 – 14.00. 
  • I romjula er opningstida 11.00 – 14.00
  • Onsdag før skjærtorsdag, julafta og nyttårsafta er rådhuset i Ølen og teknisk bygg i Sandeid stengt.