Trekning av nyutdannabonus
Er du ferdigutdanna i 2025 og ønsker nye utfordringar og ein meiningsfull kvardag? Vakre Vindafjord ønsker deg velkommen til oss!
Frå Roatoppen i Ølen
Nelly Beate Vestbø
Me har ein trekning av nyutdannabonus på heile kr. 25.000 for tilsette som startar hos oss hausten 2025. Me trekk ein heldig vinnar i august 2026. Vinnaren vil annonserast på våre nettsider. Frist for å melda seg på og vera med i trekninga er 31. august 2025.
Vilkår:
- Du må vera nyutdanna og ha fullført ein høgskule-/universitetsgrad i 2025 (minimum bachelor).
- Du må vera tilsett i ein stilling i Vindafjord kommune som er relevant for utdanninga du har tatt.
- Du må vera tilsett i minst 50 % stilling i Vindafjord kommune. Både fast stilling og vikariat vil telja med, men ikkje tilfeldige vikariat (ringevikar).
- Du må ha vore i arbeid frå hausten 2025 til sommaren 2026. Eventuelle lengre fråvær i perioden vil vurderast individuelt.
Meld deg på konkurransen her
Sist endra 14.10.2024 07.53