Læretid i helsearbeidarfaget

For å kalla seg helsefagarbeidar må ein gå VG1 helse og oppvekstfag, VG2 helsearbeidarfag og VG3 opplæring i bedrift. VG3 er det me kallar lærlingtida. Opplæring i bedrift går over 2 år, der eit år er eit opplæringsår, og det andre eit produksjonsår. Desse blir fletta inn i kvarandre, slik at ein lærer og produserar om kvarandre.

Ein helsearbeidar har mange moglegheiter for val når det gjeld kva gruppe menneske ein ønsker å jobba med:

  • Bustad for personar med psykisk- og/eller fysisk funksjonshemming
  • Aktivitetssenter
  • Omsorgssenter
  • I heimesjukepleien
  • Innan psykiatrien

For å spegla dette har Vindafjord kommune valt å legga læretida nettopp til desse plassane, slik at ein blir best mogleg rusta til å jobba innan ulike fagfelt.

Læretida i Vindafjord

Rekkefølga på dei ulike praksisplassane vil variera, men modul pleie og omsorg vil som regel vera den første praksisplassen. Så langt det lar seg gjera, prøver me også å legga praksisplassane opp slik at det passar best mogleg i forhold til bustad og liknande.

Kven passar faget for?

Ein helsefagarbeidar bør inneha kvalifikasjonar som det å kunna bry seg, ha evne til empati, visa omsorg, visa respekt og kunna arbeida sjølvstendig.

Helsefagarbeidaren må ha teoretiske kunnskapar (VG1 og VG2), trening i metodearbeid og trening i praktiske ferdigheiter. På dette grunnlaget vil ein kunna bli i stand til å hjelpa personar i alle aldrar med psykisk, fysisk eller sosial funksjonssvikt til å få ein best mogleg kvardag.

Ein helsefagarbeidar har ein variert arbeidsdag med mange ulike oppgåver. I tillegg til det direkte arbeidet retta mot den enkelte brukar, samarbeider ein med pårørande, kolleger og andre yrkesgrupper på den aktuelle arbeidsplassen.

Når ein har opparbeidd seg minst 2 års yrkeserfaring, er det mogleg å ta  vidareutdanning, for eksempel i geriatri og kreftomsorg.

Det vil alltid vera behov for helsefagarbeidarar, så om ein ønsker å ta eit yrkesval der ein nesten er sikra arbeid etter endt læretid og bestått fagprøve, er helsefagarbeidet eit trygt val.

Rettleiing

Som helsefaglærling i Vindafjord kommune vil du bli følgt opp av kvalifiserte rettleiarar som har lang yrkeserfaring. Desse vil rettleia og gi løpande tilbakemeldingar undervegs.

To gonger i kvar modul vil du ha eit møte med din rettleiar, fagansvarleg og representant for Haugaland Opplæringskontor. På desse møta går me gjennom korleis den faglege utviklinga di har vore, kva me skal halda ekstra fokus på og korleis din kvardag som lærling er.

Desse møta er dialogmøte som skal gi deg som lærling moglegheit til å påverka din eigen kvardag i positiv retning. Skulle det oppstå spørsmål av noko slag - stort eller lite - kan du heile vegen spørja din rettleiar, fagansvarleg eller Haugaland Opplæringskontor.

Dokumentasjon/kvalitetsikring av opplæringa

Under lærlingtida vil du heile tida jobba i digitalt oppfølgingssystem, OLKWEB. Her er det spesifisert kva du spesielt skal jobba med i den enkelte modul. For å sikra at du får den opplæringa du har krav på, har vi laga brukarretta oppgåver til kvar modul. OLKWEB er eit levande verktøy, slik at den kan tilpassast spesielle behov. OLKWEB er også eit dokumentasjonsverktøy på den opplæringa du har fått.

Aktuelle lenker

Link til læreplanen

Klikk på lenka Se på YouTube for å sjå videoen under.