Etablerarhjelp

Har du ei nyetablert verksemd og treng råd om korleis du skal utvikla bedrifta di? Då kontaktar du Medvind24 Næringshage!

  • Medvind Næringshage er første kontaktpunkt i Vindafjord kommune for deg som ønsker å etablera ei bedrift, eller vil ha rådgiving om vidareutvikling av bedrifta.
  • Du er velkomen til å ta kontakt dersom du ønsker ein sparringspartner, og nokon som kan hjelpa deg i startfasen og dei første åra av verksemda.

Kva kan Medvind Næringshage hjelpa deg med?

  • Avklaring rundt kva som trengst for å få bedrifta på fote: som til dømes kompetanse, finansiering, marknadsføring og rådgjeving.
  • Utarbeiding av forretningsplan.
  • Setta deg som etablerar i kontakt med relevante nettverk som kan bidra til utvikling av bedrifta. 

Kven kan du ta kontakt med? 

Medvind Næringshage har kontor i Ølensvåg, Sandeid og Etne. Ta gjerne kontakt med forretningsutviklarane i Medvind Næringshage for ein prat:

Morten Helland - Klikk for stort bilete

Morten Helland

Kari Aakra - Klikk for stort bilete

Kari Aakra 

Førstelinjeteneste

Kommunane i Noreg har plikt å kunna tilby informasjon og rettleiing til nyetablerte bedrifter/start-ups, såkalla førstelinjeteneste. Medvind24 Næringshage ivaretar denne tenesta for Vindafjord kommune.

Meir om Medvind Næringshage sine tenester 

Tilleggsnæring i landbruket

Medvind Næringshage tilbyr gratis rettleiing i samband med tilleggsnæringar i landbruket, som til dømes reiselivssatsingar eller lokalmatproduksjon. Dei som ønsker å starta eller vidareutvikla ei tilleggsnæring til landbruksverksemda si, kan ta kontakt med Medvind sine forretningsrådgivarar for ein uforpliktande prat.

Medvind gjennomfører gratis rådgiving og kan ved behov og ønske kopla deg på andre relevante rådgivarar eller fagmiljø for vidare utvikling av tilleggsnæringa.

Signe Theilmann Jensen er kommunen sin kontaktperson når det gjeld Innovasjon Norge og tilleggsnæring.

Tips til andre ressurssider når du skal starta bedrift

Kontaktinformasjon

Medvind24 Næringshage
E-post