Den kommunale kompensasjonsordninga for lokale verksemder har vore viktig for å sikra verdiar og jobbar i heile landet. Regjeringa har gjennom saldert budsjett forsterka ordninga med nye 500 millionar kroner som kommunane skal bruka til å støtta lokalt næringsliv gjennom krisa. Dette er den 6. runden med slik støtte under pandemien, og Vindafjord har fått tildelingar i 3 av rundane tidlegare.
- Alle kommunane får minst 250.000 kroner kvar.
- Resten av midlane er fordelt etter tal sysselsette i serverings- og overnattingsverksemder og reisearrangørar 1. kvartal 2021.
Midlane skal
- kompensera lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av inngripande restriksjonar, at reservane er brukt opp, smitteverntiltak og nedstenging.
- Vera ei ventilordning som kan brukast til å hjelpa dei verksemdene som av ulike grunnar fell utanfor lønsstøtteordninga eller den generelle kompensasjonsordningar.
Målgrupper
Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva verksemder dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen.
- Målgruppa er lokale små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Vindafjord kommune med særleg vekt på bransjane som er knytt til servering, overnatting og reiseliv.
- Andre bedrifter i kommunen som kan dokumentere å vera ramma av smitteverntiltak eller nedstenging, med tilhøyrande auka kostnadar, tap av omsetning eller risiko for å mista viktig arbeidskraft, kan også søka.
Vurdering av søknadar
Støtta gis etter reglane for offentleg støtte og nasjonal notifisert ordning under Covid-19 rammeverket (Dec. No 031/21/COL).
Det er krav om at søkar fyller ut eigenerklæring om offentleg støtte, samt eigenerklæring om verksemda er i økonomiske vanskar. Desse eigenerklæringane er innarbeida i www.regionalforvaltning.no.
Kostnadar og tap må være knytt til siste halvår 2021, omsetning i forhold til siste halvår 2019.
Søknaden må dokumentera tap som følge av smitterverntiltak og nedstenging. Dette kan som eksempel gjerast med følgande vedlegg:
- Skildring og dokumentasjon for auka kostnadar og tap i 4. kvartal 2021 (for eksempel avbestillingar, faktura gjeldande covidtiltak osv.).
- Utgreiing om kvifor verksemda er særleg hardt ramma av lokale og/eller nasjonale smitteverntiltak.
- Rekneskap for perioden 01.07.19 - 31.12.19.
- Omsetning frå rekneskapen for perioden 01.07.21 - 31.12.21.
Involverte kommunar eller andre aktuelle instansar har rett til å kontrollera dei oppgitte opplysningane mot godkjent rekneskap i ettertid, og kan kreva utbetalt tilskot tilbakebetalt om det er gitt på feilaktig grunnlag.
Søknadane vil bli behandla administrativt kort tid etter søknadsfrist og utbetalt på kontonummer som er oppgitt i søknaden.
Innsending av søknad
Søknad skal sendast på regionalforvaltning.no
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 21.01.2022.
Anna informasjon
Opplysningar som blir gitt i søknaden vil i utgangspunktet vera offentlege etter offentleglova.
Ordninga følger reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll med meir
Kontaktpersonar
For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med førstelinjetenesta vår, Medvind24 næringshage på e-post post@medvind24.no eller mobil 45 86 55 08.
Kontaktperson i kommunen er Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling.
Mobil 93 64 60 43 eller e-post anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no.