Tilkomst og parkering
Frå Innbjoa:
Følg Bjoavegen forbi Bjoa kyrkje, og etter at du har passert Bjoa Auto køyrer du ca. 400 m til skilt for Vedvika badeplass på di høgre side. Her er det parkeringsplass.
Frå Utbjoa:
Når du har passert krysset ned til Utbjoa ferjekai, køyrer du ca. 1,7 km til du kjem til skilt for Vedvika badeplass på di venstre side. Her er det parkeringsplass.
Om turen
Frå parkeringsplassen kryssar du fylkesvegen. Her står det infotavle. Følg skogsbilveg som går i bratt lende gjennom blandingsskog og opp til Hedleberget. Følg vidare merka løype på traktorveg oppover så langt vegen går. Øvre del av traktorvegen går i myrlendt terreng og er til dels ganske blaut. Vidare følgjer du merka sti opp til Låklinuten, der flott utsikt ventar på toppen!
Etter ein fin topptur, kan det vera verd å ta turen ned til Vedvika, der det er ei fantastisk fin badestrand.
Avstand
6,2 kilometer tur/retur.
Tidsbruk
Omlag 3 timar tur/retur.
Vanskegrad
Blå - Middels
Forklaring til fargekodane (PDF, 178 kB)
Turkart (PDF, 2 MB)
Digitalt kart
Anna
Turen til Låklinuten går forbi Hedleberget. Hedleberget er eit gamalt hellebrot der det er tatt ut ei stor mengd skiferstein opp gjennom tida. Det fins ingen rapportar om kor mykje som er teke ut, men lensmannen i Fjellberg nemnar i femårsmeldinga for 1861-1865 at 4-5 mann jobba tre fjerdedelar av året i Hedleberget. Eigaren fekk halvparten av inntekta, dei som jobba fekk resten.
Den første tida brukte dei jernkilar, hamrar og treverktøy. Seinare kom sjølvsagt minebor, krut og dynamitt i bruk. Steinblokkene vart sprengt ut, deretter kløyvd for hand etter dei naturlege kløyveflatane som skiferen ligg i.
Det vart laga fleire storleikar, og forutan naturlege heller vart skiferen klipt med skantesaks etter mal. Taket på Håvard Lothe sitt hus er av heller frå Hedleberget. Den langstrakte haugen med småheller som ligg over alt, er avskjer etter produksjonen. Du kan i dag sjå muren etter eit lite arbeidshus som stod her.
Andre turar i området
På veg til Låklinuten passerar du også tursti til Kyrkjenuten, Sandvik og Steinsland. Sjå skilting.
Låklinuten