Tilkomst og parkering
Frå Vikedal sentrum tek du av til Roaldkvam. Følg skilta 15,1 kilometer til enden av Fjellgardsvatnet. Køyr over brua her inne og ta til høgre ved skilt. Det er god plass her på høgre sida av vegen. Infotavla står her.
Om turen
Bjørnstigen er eit ynda mål på grunn av si fine utsikt og unike historie. Første del av turen er lett, og du får Grunnavatnet på høgre hand. Her er gode fiskemoglegheiter, og du vil finna ei perle av ein plass for bading i nedre del av vatnet. På veg oppover får du fin utsikt over Fjellgardsvatnet med rasteplass.
Husmannsplassen Bjørnstigen under Roaldkvam, no Ørekjerven, ligg tett innunder høge berg. Her har folk heilt frå 1600-talet og fram til 1906 slite og streva for føda. Huset brann ned på 1700-talet, og då budde folka i ei hole oppe i ura – Madsastova – medan dei bygde nytt hus.
Huset vart flytta ned til Ørnes i 1908 og rive i 1989. Det vart lagra, restaurert og flytta tilbake att av eldsjeler i bygda i samarbeid med Mo skule og Falken 4H, eit stort prosjekt. Huset står på dei gamle murane. Eldhus er restaurert, og murane syner at fjøset var bygd saman med stovehuset. Steinhellene der kyrne sto, ligg der den dag i dag.
Returen kan gjerast inn til Botnavatnet. Ta til høgre over Sørelva, via Sjurstølen og heim, 5-6 timar. Du kan også ta til venstre i Prestabotn og gå mot Etne (Kritle) under Bjørndalsvia. Til Sauda via Nore Bjørndalen, eller til Tysseland via Søre Bjørndalen.
Avstand til målet
Det er vel 2 kilometer fram til Bjørnstigen, og turen tar om lag 2 timar tur/retur. Følg traktorvegen oppover. Nesten framme tek du til venstre ved skilt. Her går turen over i sti.
Vanskegrad
Grønn tur med grei traktorveg nesten heilt fram.
Fottøy
Vanlege tette sko. Fjellsko om du tek turen vidare frå Bjørnstigen
Turkart som pdf (PDF, 2 MB)
Digitalt kart
Kåre Lars Tveit