Tilkomst og parkering
Parkering ved Vikebygd kyrkje.
Om turen
Gå opp mot krysset ved fylkesvegen ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter om lag 30 meter. Her heng det også skilt som syner kor det er turløyper. Føl grusvegen rake vegen oppover mot Vikestølen. Du vil etter kvart kome opp til Longavatnet, frå der føl du vegen vidare langs sørsida av vatnet mot Vikestølen. I enden av vatnet i aust stig vegen noko bratt oppover, då er du i Feinsbrekka. Dette er om lag 4 kilometer frå der du starta turen.
Oppe på flaten om lag 50 meter etter Feiensbrekka, ved eit skilt (det kjem etterkvart) tar du av Vikestølsvegen og til høgre opp ein sti som går mot sør. Stien er merkja oppover gjennom skogen. Her er det noko bratt i 400-500 meter til du er over tregrensa. Det stig ein del etter dette, før stien vender mot vest og du for det meste føl steinvardar vidare opp Søre Vassheddene.
Du går då på fjellryggen med Longvatnet på høgre hand. Etter kvart vert det nokså slakt oppover mot den vesle varden på toppen av Våbrekkefjell. Etter ein rast på toppen med flott utsikt, er det tid for heimveg. Frå toppen går ferda ned frå fjellet sørvestover. Du vil då få eit flott utsyn mot det vakre Morgonsvatn-vassdraget, som stien passerer i tett ved.
Vatnet i elva egnar seg godt til å stilla tørsten med. Vel nede ved elva som renn frå dette vassdraget, føl du merka sti nordvestover. Først over nokre myrar og knausar, deretter ned gjennom skogen til du kjem ut att igjen på Vikestølsvegen om lag 2,5 kilometer frå parkeringsplassen ved kyrkja. Då er det berre nedoverbakkar som står att av turen.
Terreng
Grusveg, sti, fjellgrunn, mykje tørt terreng, men også ein del våte parti på turen ned.
Avstand
10,9 kilometer tur/retur.
Tidsforbruk
Om lag 4 timar tur/retur.
Vanskegrad
Middels krevjande tur
Forklaring til fargekodane (PDF, 178 kB)
Digitalt kart
Ut.no
Det vesle vatnet ved toppen av Våbrekkefjell
Roald Årvik