Tilkomst og parkering
Du kan nå Vadhytta både frå Bjoa og Ølensvåg.
Frå Bjoa: Ta av frå Bjoavegen ved skiltet til Dalen og følg Eikåsvegen nesten til endes. Like før brua i Eikås, ta av til venstre og følg skogsbilveg opp til parkeringsplass. Her er det skilta til Vadhytta.
Frå Ølensvåg: Ta av E134 inn på Bjoavegen. Etter om lag 300 m ta av til venstre og følg Duelandsvegen til parkeringsplass. Du kan og parkera nede ved Bjoavegen, der du tar av til Duelandsvegen.
Om turen
Både frå Bjoa og Ølensvåg er det god grusveg. Frå Bjoa går turvegen i lett terreng. Eigna for sykkel, barnevogn og rullestol. Frå Ølensvåg er det eit bratt stykke i starten, men det flatar ut på toppen.
Dersom det oppstår utfordringar med kyr langs turvegen frå Ølensvåg, ta kontakt med grunneigar Trond Berge tlf. 90 93 37 37.
Dagsturhytta
Dagsturhytta i Vindafjord har fått namnet Vadhytta. Målet med dagsturhytta er aktiv fritid for alle. Tilkomstveg og sjølve hytta med toalettfasilitetar er universelt utforma. Dagsturhytta skal kunne nåast av flest mogleg, uavhengig av helse og kondisjon.
Samstundes skal det vera eit attraktivt turmål å besøka fleire gonger, også for røynde turgåarar. Du vil og finna eit «mini»-bibliotek i hytta. Dette skal driftast av Vindafjord bibliotek.
Følg Vadhytta på Facebook!
Avstand
Bjoa: Omlag 2,8 kilometer (tur/retur).
Ølensvåg: Omlag 7,3 kilometer (tur/retur) frå starten av Duelandsvegen.
Tidsbruk
Bjoa: Omlag 40 minutter (tur/retur).
Ølensvåg: Omlag 2 timar (tur/retur) frå starten av Duelandsvegen.
Vanskegrad
Bjoa: Tilrettelagt
Ølensvåg: Grøn, enkel tur.
Forklaring til fargekodane (PDF, 178 kB)