Tilkomst og parkering
Det er 2 ulike startalternativer for turen til Svartafjell.
Alternativ 1:
Opheim: same parkeringsplassen som til Olalia.
Alternativ 2:
Klungland: det er merka parkeringsplass ved Øklandsvegen, om lag 100 meter frå Sandeidvegen.
Om turen
Svartafjell er det høgaste punktet mellom Øklandsvatnet og Ølen. Dette fører til at du får god utsikt i mange retningar.
Alternativ 1:
Frå parkeringa på Opheim går stien mot sør-vest, i småkupert terreng. Etter om lag 1 kilometer svingar stien mot sør, kryssar ein bekk og stig mot Lille Eivindsasen. Stien dreier så mot vest. Du er over halvvegs når du møter merka sti mot Øklandsvatnet. Stien går sør for Svartatjørn på veg til toppen. Frå toppen kan du gå tilbake til parkeringsplassen eller følgja den merka stien vidare vestover mot Klungland.
Alternativ 2:
Frå parkeringa ved Øklandsvegen/Klungland går det 2 godt merka stiar opp lia. Stien går nord for Klunglandsstølen. Fra toppen kan du gå tilbake same veg eller følgja den merka stien vidare austover til Opheim.
Avstand
7 kilometer tur/retur frå Opheim.
4-5 kilometer tur/retur frå Øklandsvegen og Klungland.
Tidsbruk
Du bør rekna 2-3 timar på turen
Vanskegrad
Forklaring til fargekodane (PDF, 178 kB)
Turkart (PDF, 8 MB)
Digitalt kart